O. Furseth Lenestolfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

O. Furseth Lenestolfabrikk var ein møbelprodusent i Sykkylven, etablert av Olav Furseth i 1942. Olav Furseth hadde ein solid bakgrunn frå møbelproduksjon då han kom i gang med denne verksemda. Han hadde arbeidd ved Solid, Vestlandske, K. Emdal og drive Fix Lenestolfabrikk.

Andre krigsåret kom han i gang igjen i dei same lokala som ved forsøket med Fix i 1934. Broren Paul hadde fram til krigsutbrotet nytta heile første-etasjen i det dåverande Furseth-bygget på Klokkarhaugen til P. Furseth Konfeksjonsfabrikk. Frå 1940 gjekk konfeksjonsproduksjonen noko attende, slik at det vart ledig plass i bygget. Olav Furseth flytta då inn i ei fløy med møbelfabrikken sin.

Bedrifta hadde seks tilsette det eine året ho var i drift i Sykkylven. I 1943 flytta O. Furseth fabrikken til Sandane.

Kjelde