Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum er eit kulturhistorisk museum i Tyssedal og Odda i Hordaland fylke. Museet dokumenterer og formidlar industrihistoria til Odda og Tyssedal, og meir generelt historie knytt til elvar og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og samfunnet rundt.
Museet vart grunnlagt som Odda Industristadmuseum og Arkiv i 1989. I 1994 skifta det namn til Vestnorsk Industristadmuseum, og hovedavdelinga flytta frå Odda til Tyssedal. I 2000 vart så namnet skifta til Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, og stiftinga sitt formål vart utvida.
Blant attraksjonane er kraftstasjonen Tysso I, teikna av arkitekten Thorvald Astrup (1876–1940) i samarbeid med Victor Nordan i seinhistorisk stil og reist i åra 1906–18. Stasjonen inneheld maskinar, installasjonar og kontrollrom som spenner over ei driftstid frå 1908 til det siste aggregatet vart slått av i 1989. Museet eid også AS Tyssefaldenes gamle administrasjonsbygning frå 1914, der museet i dag har utstillingar, bibliotek, arkiv, foto- og lydsamling og filmsal der ein viser biletspel. Den faste utstillinga «Det store spranget» handlar om den første industrialiseringsfasen i Odda. Til museumsanlegget høyrer også arbeidarbustadene i Folgefonngata 9, 11 og 13 i Odda sentrum.
Sjå også
Kjelder
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum på Digitalt museum.
- Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum på KulturNav
- Norsk Vasskraft- og Industrimuseum si nettside
- Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum på Wikipedia på nynorsk
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten. |