Ola Dahls gate

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ola Dahls gate (Otta)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Telefonkiosk i Ola Dahls gate 1, Otta skysstasjon. Kiosken er etter fotograferingstidspunktet flytta til ein anna plassering, på den andre sida av gata.
Foto: Heidi Thöni Sletten (2015).

Ola Dahls gate er ei gate på Otta i Sel kommune. Ho er oppkalla etter Ap-politikaren Ola Dahl (1924-2004), som var ordførar i Sel og fylkesordførar i Oppland.

Gata het tidlegare Nygata. Ho var ei av dei første gatene på Otta. Nygata gjekk vestover frå jarnbanestasjonen og møtte Storgata ved Bjørkheim Hotel/Otta Hotel. I dag går ho frå Storgata ved jarnbaneparken, forbi Grand og Nordlandia Otta Hotel og følgjer den tidlegare Storgata til Dalekleiva.


Kjelder og litteratur


Koordinater: 61.7715388° N 9.5301635° Ø