Ola Rønningen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ola Rønningen i Norske skolefolk (1952).

Ola Rønningen (fødd 11. april 1899 i Ringebu, død 14. august 1997) var ein lærar, lokalhistorikar og folkemusikar som budde og virka i Ringebu i Gudbrandsdalen.

Han var son av bonde Petter Olson og Anne Olsdotter Rønningen. Ola Rønningen gjekk ut frå Gudbrandsdalen fylkesskule i 1921 og tok den høgre lærarprøva ved Elverum lærarskule i 1926.

Som nyutdanna fekk han eit vikariat ved Nordre Strand skule i heimbygda Ringebu, men alt i 1928 vart han fast tilsett. Rønningen var òg formann og skrivar i Ringebu lærarlag.

Rønningen gifta seg i 1930 med Marie Øverjordet, dotter av Ole Pålson Øverjordet og Kari Hansdotter. Dei fekk tre søner og ei dotter.

Han var sentral i tradisjonsmusikkmiljøet i Fåvang, mellom anna som leiar og skrivar i Fåvang musikklag. Han komponerte songtonar og slåttar i gammal stil, lærte bort felespel og leia en strykekvartett for småguttar.

Ola Rønningen var oppteken av lokalhistoria i bygda, og samla mellom anna inn stoff om nedlagde heimar. Frå 1964 til 1972 var han formann i Ringebu historielag.

Bibliografi

  • Spelmenn frå Ringebu. Lillehammer 1939. 120 s.
  • Nedlagde heimar i Ringebu – og folket som budde der. Utg. Ringebu historielag, 1996. 428 s. ISBN 82-990451-8-5. Digital versjonNettbiblioteket

Kjelder og litteratur

Sjå òg