Olav Bø
Hopp til navigering
Hopp til søk
Olav Bø (fødd 19. mai 1918 i Bygland, daud 26. juli 1998) var folklorist, folkeminnegranskar og folkeminnesamlar.
Liv og virke
Olav Bø gjekk på befalsskolen i Kristiansand etter eksamen artium på Hornnes landsgymnas i 1938. Eter krigen studerte han filologi, tok hovudfag i norsk i 1950 og i 1955 leverte han doktorgradsavhandlinga si om Heilag Olav i norsk folketradisjon.
I 1970 tok han over professoratet i folkeminnevitskap etter Svale Solheim.
Folkeminnesamlar
I 1960 sendte Olav Bø ut to spørjelister for Norsk etnologisk gransking, NEG 76 med emnet Dei "kloke" og NEG 80 med emne Folkemedisin. Spørjelistene kombinert samla inn meir enn 350 unike svar frå heile landet som vert tilgjengelege på domenet Samla.no.
Bibliografi
- Johannes Skar. Gudbrandsdølen som skapte «Gamalt or Setesdal». Olaf Norlis forlaget. Oslo 1953.
- Heilag Olav i norsk folketradisjon. Det Norske Samlaget. Oslo 1955. (Doktorgradsavhandling.)
- Faksar og kyrkjerestar. Norsk Folkemuseum. Oslo 1959.
- Norsk skitradisjon. Norsk kulturarv 1. Det Norske Samlaget. Oslo 1966. (Engelsk oversettelse: Oslo 1968.)
- Norsk eventyrbibliotek 1 – 12, Red. av Brynjulf Alver, Olav Bø, Reimund Kvideland, Mortan Nolsøe. Oslo 1967 – 1981.
- Vår norske jul. Det Norske Samlaget. Oslo 1970.
- Folkemedisin og lærd medisin. Norsk medisinsk kvardag på 1800-talet. Det Norske Samlaget. Oslo 1972.
- Utsyn over norsk folkedikting. Det Norske Samlaget. Oslo 1972.
- (S.m. Ørnulf Hodne): Norsk natur i folketru og segn. Norsk kulturarv 11. Det Norske Samlaget. Oslo 1974.
- Norske årshøgtider. Universitetsforlaget. Oslo 1980.
- Setesdal. Folk, kunst og tradisjon. Grøndahl & Søn. Oslo 1980.
- (S.m. Ronald Grambo, Bjarne Hodne og Ørnulf Hodne): Norske Segner. Segner i utval med innleiing og kommentarar. Det Norske Samlaget. Oslo 1981.
- (S.m. Ronald Grambo, Bjarne Hodne og Ørnulf Hodne): Norske Eventyr. Med innleiing og kommentarar. Det Norske Samlaget. Oslo 1982.
- Folketradisjon og kulturarv. Det Norske Samlaget. Oslo 1988. (Festskrift til 70-årsdagen med artikler som han selv hadde skrevet.)
- Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum. Det Norske Samlaget. Oslo 1991.
- Johan Grøttumsbråten – skikonge og motstandsmann. Universitetsforlaget. Oslo 1999.