Ole Eriksen Foss (1730–1802)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Eriksen Foss (fødd 1730, død 1802 i Horg) var rokkmakar og gardbrukar. Han er den første av rokkmakarane vi kjenner til i grenda Gylland i Horg, no i Melhus kommune. Denne bygda vart kjend for sin rokkproduksjon.

Han vart i 1759 gift med Kirsti Jensdatter Rønningen (1739–1820). Dei fekk tre born:

Ole Eriksen var på Rønningen frå 1776, og vart òg kalle Ole Eriksen Hovin og Ole Eriksen Rønningen. Han kom så til garden Foss kring 1780, og eigde ein del av den. I 1797 dreiv han ein part av garden. Sonen Jens Olsen tok overgarden, og vart rokkmakar som far sin. Ein soneson av Jens Olsen, Jens Pedersen Foss (1827–1907) vart òg rokkmakar.

Litteratur og kjelder