Oppheimhamna (veg i Bø i Telemark)
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Oppheimhamna-1.jpg&width=400)
Oppheimhamna sett austover.
Foto: Roy Olsen (2017).
Oppheimhamna i Bø i Midt-Telemark kommune går nord- og auststover frå Oppheimjordet ved Oppheim gard i Breisås bustadområde. Han er 160 meter lang.
Vegen har namn etter Oppheim (gnr. 51/3) og ligg på denne gardens grunn.
«Jernbanelia» blei vedtatt som vegnamn 21. august 2007, men endra til Oppheimhamna 16. oktober same år etter innvending frå bebuarar.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Møtebok for Plan, teknikk og næring. Sak nr. 085/07.