Osen bru (Feios)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden trenger opprydding. Det kan for eksempel dreie seg om innholdsmessig struktur, framstilling eller språk. Se evt. diskusjonssiden for merknader.
Feioselvi med Osen bru
Foto: Jan Magne Rinde/kilde:eige foto

Osen bru i Feios i noverande Vik kommune opna i 1927. Brua knyt saman bygda over Feioselvi. Denne buldrande elvi har runne gjennom bygda gjennom årtider. I Leikanger bygdebok frå 1965 heiter det at «Elvi gjennom dalen heitte i gamle dagar Fe, men kallast no Feioselvi eller berre Os-elvi.». Brua ligg i Osen (gnr. 176) og er i dag er brua ein del av fylkesvegen som går gjennom Feios til Fresvik. I dalføret på begge sider av Feioselvi går dessutan fylkesvegen med namnet Lundsvegen og Åfetvegen.

Dikt om Osen bru

Brua vart bygd av lokale krefter, eit dikt om arbeidet med brua er nedskrive etter memoreringsdata frå Elsa Runnestø.

Oselvi
Foto: Jan Magne Rinde/eige bilete
Osen bru 1927
Foto: Jan Magne Rinde/kilde:eige foto

Det er Osen Bru som bygges
og den for stå i all makt
Så Feios’ befolkning kan hygges
av arbeid som slusken har lagt.


Han Gudvin i smia står
og resten i akkorten går
Ein dugandes smed som han var
Ei krona pr time han har.


Vår bas var Fardal og Rinde
og kvar sin akkort dei har
Og der so fekk Nilsemann finde
at krangel i Osen det var.


I arbeid frå dag til dag
høyrdes feiselens taktfaste slag
xxx(?)
xxx(?)

(A.Alme)

Historikk

Osen bru vart bygd i 1927 og var da ei viktig bru for bygdesamfunnet i Feios. Fyrst i 1971 vart riksvegen mellom Feios og Vangsnes ferdig bygd, etter mange års arbeid. Rv 602 går til hamna i Feios, derfrå er det FV 182 som held fram langs fjorden til Ramnebergtunnellen, Vegen heiter Feiosvegen etter nytt vedtak om vegnamn. I 1976 vart vegen vidareført til nabobygda Fresvik.

Feioselvi

Feioselvi deler bygda i to med Rinde, Fedje, Bårlog, Tjønn, Drege, Tveiti, Dale, Grinddal, Sæterli, Sætre og Lunde på austsida. På vestsida er gardane Håane, Berdal, Stjernegjerd, Helland, Smidje og Åfet.

I Feioselvi samlar to elvear seg, den eine har opphav frå Fresvikbreen og Gullsetdalen, og den andre er Åfetdalen med Åfetelvi. Langs elvefaret er det eit rikt fugleliv. Fossekallen, Noregs nasjonalfugl, held til i fossen nokre hundre meter framover i elva, kalla Trangefossen. Eit par hundre meter opp frå elvemunninga er Storehølen, der går laksen opp for å gyte. Dette har og vore ein ynda fiskehøl.

Opphav og utvikling av namnet

Namnet Feios har opphav i gardsnamnet Fedje/Fai`djadn/ eller Feđjar. Feđ i denne samanhengen viser til grensefunksjon, men rimelegare er det at namnet siktar til fiskegjerde, skriv Sandnes og Stemshaug. Feioselva er ei god lakseelv, skriv dei vidare (s.141) Da arbeidet med brua var avslutta i 1927 hadde arbeidsgjengen som bygde brua laga ei vise om den prosessen, kanskje nokon kjenner til denne visa som det ikkje har vore mogleg å spore i sin heilskap. Etter at riksveg 602 var opna, vart Osen bru forsterka og tilpassa større trafikk. Rundt denne elvemunninga har allemmannsretten rådd. Like nedanfor brua på Fedjesida er det ein sandbanke. Her kom gardane på Rinde og Fedje med klesvasken sin når det var turkeperiodar. På sørsida av Sognefjorden kan ofte nordvestleg bris på vår og sommar ha tendens til å turka ut jordsmonnet, og da har Feioselvi vore eit viktig vatnreservoar for bygdefolket langs strandlinja ved fjorden.

Kraftverk

Tidleg på 2000-talet byrja eit planarbeid for å byggja ut elva til eit kraftverk. Dette arbeidet munna ut i ein konsesjonssøknad for å bruke elevevatnet til kraftproduksjon. I 2006 låg denne utgreiinga føre og utbygging av elva vart vedtatt i Statsråd i 2009. Feios Kraftverk AS med kontor og direktør vart etablert i hovudsoknet Vikøyri. Seinare har planarbeidet vorte endra, difor vil elvelaupet truleg verta flytta til Lyngsetet, omtrent midtvegs mellom Vangsnes og Feios ved Rv 602. Årsproduksjonen for denne utbygginga er sett til omlag 100 GWh. Dette vil medføre at det berre vert ei minstevassføring i Feioselva med utlaup I Osen. (Multiconsult, 2006 og NVE, 2009) Dermed vil det kanskje verta sett ein stoppar for elvevatnet og for flora og fauna i og omkring Feioselvi, etter tusenårig vassføring frå Fresvikbreen til Sognefjorden. NVE er det øverste faglege styringsorganet for økonomi og kontroll med vasskraftressursane i Norge, og har som oppgåve å ivareta heimfallsrettane frå 1909. Heimfallsretten hidrar utanlandsk eigarskap av dei norske fallrettane. Det er likevel ein planprosess for å overføre nasjonal styring og kontroll til ACER, som er underlagt EUs energibyrå.(Klassekampen 22.01.18) Det vil føra til store utgifter til straum både for private hushald og industrien som har lang tradisjon for relativt billig kraft.

Kjelder:

  • Bøthun, Per H. Leikanger Bygdebok. Gardssoga. Leikanger Bygdeboknemnd 1965 Ingvald Husabø Prentever. Leikanger
  • Multiconsult, 2006. Feios Kraftverk AS. Konsesjonssøknad og konsekvensutredning for Feios Kraftverk, Vik kommune.
  • Norgeskart.no
  • NVE, 2009. Feios Kraftverk AS - Søknad om konsesjon for bygging av Feios kraftverk, Vik kommune i Sogn og Fjordane - NVEs innstilling.
  • Skårderud,J & Hellesnes, P. Kan ende i priseksplosjon. Klassekampen 22.01.18.
  • Rygh,O. Norske Gaardnavne. XII Nordre Bergenhus Amt. W.C. Fabritius & Sønner AS. Kristiania 1919.
  • Runnestø, Bård. Notat og nedskrive i 2017. Diktet om Osen bru v/Anders Alme. Smeden Gudvin Tveit, Bas Nils Rinde og Ole Fardal
  • Sandnes, Jørn og Stemshaug, O. Norsk Stadnamnleksikon, 4. utgåve. Det Norske Samlaget 2007
  • Osen i Feios på Digitalt museum