P. & J. Midtgård Trevarefabrikk
Hopp til navigering
Hopp til søk
P. & J. Midtgård Trevarefabrikk var ei trevarebedrift i Hundeidvik i Sykkylven. Verksemda vart etablert av brørne Petter og Jørgen Midtgård. Dei bygde ein verkstad på parsellen Heimsteøyra under bruk nr. 4 på Midtgård i 1951. Frå 1948 hadde dei drive i ei lita stove i Toregarden på Midtgård.
Brørne laga stolgrindar til lokale møbelfabrikkar: Formfin og P.O. Jarnes Møbelfabrikk var store avtakarar. Til å hjelpe seg i produksjonen hadde dei i femtiåra ein maskinsnikkar.
I 1965 fekk brørne arbeid ved J.E. Ekornes Fabrikker A/S. Jørgen Midtgård arbeidde treverk seinare også. Han leverte ein del til Rajo Møbler A/S då denne verksemda kom i gang i 1971.
Kjelde
- Høidal, Eldar: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket