Peder Trønnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Peder Trønnes. Gjengitt etter Ivar Sæter Storelvedalen. Fotograf ikkje opplyst

Peder Halvorsen Trønnes (fødd i Stor-Elvdal 1. juli 1829, død same stad 1908) var jurist, gardbrukar og aktiv i det kommunale liv i heimbygda, mellom anna som ordførar.

Han var fødd og oppvaksen på garden Nystu Trønnes i Stor-Elvdal. Foreldra var Halvor Botolfsen Trønnes (1794-1875) og Kari Halvorsdotter frå Atnaosen (1798-1888). Peder var ein av i alt 13 sysken, nummer fem i rekkja. Ein av brørne var språkmannen og folkeminnesamlaren Niels Trønnes.

Peder Trønnes gifta seg i 1860 med Anne Bergersdatter Nordstu Messelt (1830-1887), gardbrukardotter frå same bygda. Dei fekk eitt barn, Anne.

Som 14-15 åring drog Peder til Christiania, der broren Niels studerte på den tida. Peder fekk artiumsførebuande skulegang ved Nissens latin- og realskole, der han tok eksamen i 1849. Han tok juridisk embetseeksamen i 1857.

Sørstu Stai, teikning av H. Gran. Gjengitt etter Ivar Sæter Storelvedalen.

Som nyutdanna jurist var han fyrst ei tid sorenskrivarfullmektig. Så byrja han praksis som sakførar i Stor-Elvdal, seinast frå 1863. Han og kona kjøpte det året garden Sørstu Stai i same bygda (gnr. 12.1 Stai søndre) av broren hennar, Erik Bergersen Messelt på Evenstad.

Som gardbrukar og sakførar var det naturleg at Trønnes engasjerte seg i styre og stell i bygda. Han var ordførar ei tid, og hadde andre offentlege verv. Mellom anna var han formann i heradskommisjonen til revidering av matrikkelen i 1860-åra. Saman med mellom andre Ole Evenstad sat han i direksjonen for Folldal Verk.

Det er framhalde at både Niels og Peder Trønnes kan ha vore medlemmer av den nasjonalt- og folkelivsorienterte foreininga Tollekniven i Christiania ca. 1850.


Kjelder og litteratur

  • Fosvold, Anders: Bygdebok for Stor-Elvdal. Utg. av en arbeidsnevnd. 1935.
  • Sæter, Ivar: Storelvedalen, Kristiania 1908.
  • Østigaard, Arne Dag: «”En Fjeldbygd” – eit glømt 150-års minne» i Dag og Tid 7. desember 2002.