Per Gynt
Per Gynt eller Peer Gynt er ein segnfigur frå Gudbrandsdalen som særleg er kjend gjennom Henrik Ibsen sitt stykke Peer Gynt frå 1867. Han er kjend frå fleire segner, og er knytta til garden Nørdre Hågå i Nord-Fron kommune, rett ved Vinstra.
Ein person som av mange har vorte knytta til segnfiguren er Per Olsson Hågå (omkr. 1723–1785). I 1932 vart det reist eit minnesmerke over han på Sødorp gamle kyrkjegard, rett ved Hågå. Hovudmannen bak reisinga av minnesteinen var forfattaren og spelemannen m.m.m. Pål Kluften. Kluften er ein av dei som har gjort mest for å knyte den historiske Per Gynt til Per Hågå.
Eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen gjenfortalde fleire historier om den lokale Per Gynt i sine «Høifjeldsbilleder», som vart publisert for fyrste gong i 1848 som ein del av Norske huldreeventyr. Forteljingane om reinsskyttaren Per Gynt hadde Asbjørnsen høyrt fortalt av Engebret Hougen frå Sel nokre år tidligere. Asbjørnsens forteljingar inspirerte nok Ibsen, og Ibsen kan ha høyrt meir om denne fjellmannen og jegeren da forfattaren reiste gjennom Gudbrandsdalen i 1862.
Namnet Gynt har vore tolka som eit tilnamn av verbet gyne, å stire på ein undersøkande måte. Men faktisk nemner Gerhard Schøning i skildringa frå si reise i Gudbrandsdalen i 1775 at det på Hågå var ein adeleg familie kalla Günter. Og allereie i lensrekneskapen for 1557–1558 kan vi finne dei: Der står ein Jon Gynntthe som hadde bygsla eigedom i Fron av krona. Om han var på Hågå veit ein ikkje, men at Gynt kan kome frå Gynther/Günter, og at det er eit namn med lang historie på eller nær Hågå er det ikkje tvil om. Og den fyrste av denne ætta som heitte Per (eller Peder, som ein gjerne skreiv den gongen) var Per Larsson Hågå, nemnd som brukar i 1645 og 1658 og død i 1665. Han er også ein kandidat til den historiske Per Gynt i tillegg til Per Olsson Hågå.
I samband med hundreårsjubileet for Henrik Ibsen i 1928 tok Pål Kluften initiativ til den fyrste Per Gynt-stemna på Vinstra, der delar av Ibsens drama vart framført på Hågå. Frå 1967 har stemna vore årviss i Nord-Fron, med framføring av Peer Gynt på friluftscena ved Gålåvatnet som høgdepunkt frå 1989.
Kjelder
- Hovdhaugen, Einar: Gardar og slekter i Fron: Bind II: Nord-Fron. Utg. Fron historielag. 1974.
- Norske lensrekneskapsbøker 1548–1567. I. Rekneskap for Akershus len 1557–1558. Riksarkivet, Oslo 1937. Side 77
- Peer Gynt i Store norske leksikon.