Per M. Skrede (1895–1969)
(Omdirigert fra «Per M. Skrede (1896–1969)»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Per M. Skrede (1895–1969) (fødd 1. juli 1895 i Innvik, død 1969) voks opp og levde heile sitt liv i Randabygda i noverande Stryn kommune. Han var bonde, men er mest kjend som lokalhistorikar og spelemann.
Han var son av Mons Pedersen Åland (1861–1907) og Rakel Eliasdotter Åland (f. 1859).
Per M. Skrede etterlet seg eit arkiv med mykje historisk stoff om heimbygda, Randabygda. Systersonen, lærar Magne B. Skrede overtok dette. Han førte vidare den lokalhistoriske interessa frå onkelen, m.a. fotograferte han så godt som alle utmarkshusa i Randabygda: gardfjøs (hus for storfe som beitte i heimemarka),stølshus, markalader (høyløer) og naust. Arkivet etter Per M. Skrede og Magne B. Skrede er no i varveitsla til Nordfjord Folkemuseum.
Litteratur og kjelder
- Per M. Skrede i Historisk befolkningsregister.
- Minneord i Spelemannsbladet : bladet for folkemusikk og bygdedans. 1969 Vol. 28 Nr. 4. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Rand, Hans: «Spelemenn og felebyggjarar i Randabygda/Hopland» i Årsskrift (Stryn historielag). 1999. Digital versjon på Nettbiblioteket.