Peter Andreas Jensen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
P. A. Jensen er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2022)

Peter Andreas Jensen (fødd 22. desember 1812 i Bergen, død 15. juni 1867 i Kristiania) var prest, forfattar og lesebokutgjevar.

Han var son av kjøpmann, seinare feierinspektør Andreas Blomhoff Jensen (1787–1857) og Sirene Pedersdatter (1781–1816). Han vart gift i 1838 i Bergen med Wilhelmine Dorothea Thrap (1816–1851), så i 1854 i Aker med Mette Marie Riddervold (1827-1895), dotter av biskop og statsråd Hans Riddervold (1795–1876). Han var svoger til tobakksfabrikant Conrad Langaard.

Jensen vart cand.theol. i 1836, og var seinare prest i Lindås, Aker og Kristiania. I 1859 vart han utnevnt til stiftsprost i Christiania og sogneprest ved Vår Frelsers kirke. Han gav ut preikesamlingar, salmar, skodespel og bibelhistorie.

P.A. Jensen er særleg kjend for Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet (1863), som vart til etter stortingsvedtak og kom i ni store opplag til 1900. Norske forfattarar var representerte i boka. I tillegg var det mykje populærvitskapleg stoff. Det var eit framifrå verk for si tid, men førde likevel til stor strid av di pietistiske krinsar tykte leseboka tok med for mykje verdsleg lesnad, m.a. folkeeventyr.

Han vart utnevnt til ridder av St. Olavs Orden i 1863.

P. A. Jensen er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Gravminnet er pryda med eit bronserelieff av han, og tittelen Stiftprovst er benytta.

Kjelder og litteratur