Rundtomvegen (Sauherad)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Rundtomvegen.
Foto: Roy Olsen (2018).

Rundtomvegen i Sauheradfjella i Midt-Telemark kommune er ein privat skogsbilveg som går nordover i bratt lende frå Holtandamtjønnvegen. Eit stykke vest for Dyrud Damtjønn går vegen over i Skardalstjønnvegen. Han er 4 350 meter lang og har bom etter 600 meter. Han startar på 227 og endar på 437 moh., ein høgdeforskjell på 210 meter.

Tidlegare skogbrukssjef i Sauherad kommune, Halvor Fjones, namnsette denne og mange andre skogsbilvegar med innspel frå grunneigarane. Vegane blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.40727° N 9.21068° Ø