Rysjedal krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rysjedal krins
Foto: fylkesatlas.no - Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Rysjedal krins i Hyllestad kommune var eigen skulekrins frå 1926 til 1959. Etter dette starta elevane på skule i Leirvik.

Skulehus

Det var aldri eige skulehus i Rysjedal. Det vart halde skule i Nystova på garden Rysjedal. Denne stova vart riven og materialet vart brukt til å byggje eit anna hus. Dkulen vart etter dette flytta til eit eldre hus som også var i Rysjedal-slekta sitt eige. Norvald Tveit var lærar i ein periode og budde i denne stova. Då bestemor til Arvid Rysjedal døydde vart skulen flytte tilbake til garden og den bygningen står der enno. Dette var i 1948.

Skuledagen

Skulevegen

Arvid Rysjedal hadde verdas kortaste skuleveg. Han budde på garden der det vart halde skule; Han gjekk ned ei trapp, via frukost på kjøkkenet og over gangen, så var han på skulen.

Det var verre for dei elevane som kom frå Båtvika. Dei hadde ikkje støvlar og oljehyre den gongen. Det var først mange kilometer å gå gjennom utmark over til Rysjedalsvågen. Derifrå rodde dei ut Rysjedalsvika, med mindre det var dårleg ver, då måtte dei gå langs stranda. Det var fleire plassar ein kunne gå, og ulike hensyn dei måtte ta. Ein plass kom dei seg ikkje forbi om det var flo sjø. Ungane klarte seg stort sett sjølve.

Elevane frå Steinsland gjekk også på skule i Rysjedal.

Då skulen vart lagt ned i 1959 budde elevane frå Rysjedal på internat på nye Leirvik skule. Dei budde berre to år på internat før nyevegen kom. Etter dette sykla nokre av elevane fram og tilbake mellom Rysejdal og Leirvik, nesten 6 km, til framhaldskulen. Dei sykla heile året.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Tveit Norvald
Sandal Steinar
Wolff Erik
Handal Gjertine
Lerpold Asbjørn

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Informantar:

  • Ivar Sognnes
  • Arvid Rysjedal

Koordinater: 61.116591° N 5.291665° Ø