Sávvlo
Hopp til navigering
Hopp til søk

Nuorttasávllo på grensa mellom Saltdal og Arjeplog kommunar. Legg merke til den kamelaktige toppen.
Foto: Lars Røed Hansen, april 2007.
Sávvlo (genitiv Sávlo) (lulesamisk form Sávllo, genitiv Sávlo) er eit pitesamisk ord for eit høgt, spisst fjell.[1] I Saltdal og Arjeplog kommunar finn vi fleire stadnamn som inkluderer dette ordet:
- Nuarrtasávvlo (Nordre Saulo) i Saltdal kommune
- Årjep Sávvlo i Arjeplogs kommun
- Sávvlo (Solvågfjellet) i Øvre Saltdal i Saltdal kommune, rett nordom inngangen til Junkerdalen. Når ein kjem ned Junkerdalen, er den doble spissen tydelig og karakteristisk.
- Sávlojávvre (Solvågvatnet), rett austom Sávvlo i Saltdal kommune
Alle dei tre fjella har til felles at toppen er delt i to eller fleire småtoppar med ein sâl mellom.
Fotnotar
- ↑ Qvigstad, J.: De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker. Oslo : Instituttet for sammenlignende kulturforskning; Aschehoug, 1938.