Sæbyggjenuten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sæbyggjenuten i Bykle kommune er det høgste fjellet i Agder, med topp på 1507 meter over havet. Å gå til toppen er ein krevjande tur, med bratte parti på siste stykket, men ein kjem seg opp utan klatring. Turvegen frå Setesdalssida er på om lag femten kilometer ein veg, og med ein tur på tre mil totalt i krevjande terreng er det mange som overnattar på turistbytta Berdalsbu og tar det som ein todagarstur. Ein kan òg gå til toppen frå Telemarkssida, der ein del av turen reknast for å vere litt meir krevjande og der ein ikkje har nokon turisthytte langs stien.

Frå toppen er det utsikt mot Vatndalsdammen i vest, Gaustatoppen i nordaust og Urdenosi i sør.

Litteratur