Sør-Aurdal historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen til historielaget.

Sør-Aurdal historielag er ei lokalhistorisk foreining i Sør-Aurdal kommune i Valdres. Laget vart stifta i 1980 som eit lokallag av Valdres historielag. Det «har til formål å vekke interesse og skape forståelse for Sør-Aurdals historie. Det skal arbeide for å utbre kjennskap til vår kulturarv og våre kulturminner av alle slag».

Laget har sidan 1982 gitt ut Sagn og Soge i Søndre Ourdahl annakvart år, samt fleire lokalhistoriske bøker. I 1995 vart laget tildelt Sør-Aurdal kommunes kulturpris. Ein av grunnleggjarane og formann gjennom mange år, Gudbrand O. Waagaard, fekk prisen i 2007.

I 2018 hadde historielaget 57 medlemmer. Talet har gått nedover dei siste åra.

Leiarar

  • Gudbjørg Fønhus Stensrud
  • Elling Fekjær
  • Gunvor Thorsrud Berg
  • Gudbrand Waagaard
  • Terje Mikael Hasle Joranger
  • Kjell Ellefsen
  • Thomas Langødegård
  • Arild Haglund
  • Herman Leite
  • Bjørn Gjerdalen
  • Eldor Bråthen
  • Trond Bråten
  • Amund Grønhaug

Aktivitetar

Arbeidet med Sagn og Soge i Søndre Ourdahl har vore hovudaktiviteten. Laget har også arrangert turar og medlemsmøter.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer