SSB Reiser - Nordvest Reisebyrå
SSB Reiser - Nordvest Reisebyrå var eit reisebyrå i Sykkylven. Det vart opprinneleg etablert som ei grein av Stranda og Sykkylven Billag (SSB). SSB vart skipa i 1938, og var i mange tiår dominerande innan person- og godstransporten i Sykkylven og Stranda kommunar. Etterspurnaden etter forretnings- og feriereiser førte med seg eit aukande behov for reisebyrå-tenester, og det var difor naturleg at A/S Stranda og Sykkylven Bilag, gjorde opptaket til å få skipe eit reisebyrå i Sykkylven. SSB-Reiser vart skipa i 1980 og hadde ei god utvikling dei første åra.
Leif Bryne var den første daglege leiaren. Etter ei omorganisering i selskapet skifte det namn til Nordvest Reisebyrå. Det gjekk inn i reiselivskjeda Berg-Hansen. Greta Remø Klokk var i ei årrekkje leiar av bedrifta. Kring år 2005 vart avdelingskontoret i Sykkylven lagt ned, og verksemda på Sunnmøre samla i kontoret i Ålesund.
Kjelde:
- Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.