Salten Pitesamiske Forening
(Omdirigert fra «Salten Pitesamisk Forening»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Salten Pitesamiske Forening, også kjent under namneformene Sálto bihtesáme siebrre (lulesamisk), Salto Bihtesamiid Særvi og Salto Bihtesamiid Searvi, er ei interesseforeining for pitesamisk språk og kultur. Foreininga blei stifta i 1999 og har medlemmer hovudsaklig i Beiarn, Bodø og Gildeskål. Foreininga oppretta stiftelsen Duoddárá Ráffe den 30. juli 2002, og denne stiftelsen har ansvar for drifta av det pitesamiske kultursenteret på gnr. 48, bnr. 38, «Heimen» i Beiarn som blei offisielt opna fredag den 20. juni 2003. Duoddará ráffe arbeider med å fremme pitesamisk kultur i Sør-Salten og øvrige pitesamiske område i Noreg. Stiftelsen har òg ansvaret for samarbeid med pitesamiske organisasjonar i Sverige.
Lenkjer
- Salten Pitesamiske Forening på Facebook