Samtale:Moland kulturminneløype

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Under Klokkargarden står det at artikkel om Meinstad ikkje finnast. Eg får ikkje redigera dette men artikkelen er «Meinstad skulehus», eg får ikkje lagt inn lenke. Beste helsing frå Olav Momrak-Haugan 11. mai 2011 kl. 21:52 (CEST)

Hei Olav, det stemmer - det trengs et triks til det :) Skal forklare mer imorgo ;) Har ellers veldig lyst til å flytte Meinstad skulehus til Meinstad skule, slik at det er plass til mer enn bare om huset i artikkelen... Hva synes du om det? Mvh Siri Johannessen (Siri J) 11. mai 2011 kl. 22:13 (CEST)

Eg har tenkt omkring det same. Då bør ein vel vere konsekvent med alle? Elles er det vel ikkje noko i vegen for å gjere greie for undervisning eller historiar og m.m. om overskrifta er skulehus, alt er vel knytta til dette uansett. Seier eg skule så tenker eg skulebygning og alt rundt den. Eg synest det ville vere sers bra om du endra frå skulehus til skule, og at du gjorde det for alle! Det blir mykje arbeid. Med beste helsing frå Olav Momrak-Haugan 12. mai 2011 kl. 19:19 (CEST)

Det var no berre to eg måtte flytta litt på i Fyresdal - og heldigvis ikkje fysisk ;) Viss du hev fleir, vonar eg du seier til meg ;) Mvh Siri Johannessen (Siri J) 13. mai 2011 kl. 13:33 (CEST)

Hei! No er det bra med skule/skulehus, takk for det. Men bør ikkje M/S «Teisner» markerast i kulturminneløypa ovanfor Fyresdal Bygdemuseum? Det er ein viktig del av vandreruta, viktig at folk vert merksame på. Sjå på det. Beste helsing frå Olav. Olav Momrak-Haugan 15. mai 2011 kl. 08:51 (CEST)

M/S Teisner er ein sers viktig stoppestad undervegs i kulturminneløypa, marker det!Olav Momrak-Haugan 22. mai 2011 kl. 21:58 (CEST)
Han var allereie lenka i innledninga, men eg har no og lagt inn eit eige avsnitt om han. I den samanhangen snudde eg litt om på sjølve artikkelen så at oppslagsordet M/S «Teisner» kom i første setningen. Voner eg ikkje har gjort noko for rart her :) Mvh Siri Johannessen (Siri J) 23. mai 2011 kl. 10:51 (CEST)

Nei, etter mi meining må dette vere sers bra no så då kan eg berre takke deg så mykje. Eg synest det er viktig at den kjem med i innhaldlista oppe til høgre, det er viktige stoppestader. Med beste helsingOlav Momrak-Haugan 23. mai 2011 kl. 11:02 (CEST)

Begynn en diskusjon om siden «Moland kulturminneløype»

Start en diskusjon