Samtale:Språkskifte i norske kommunar 1892-2013

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Språkskifte

Er ikkje nemninga "Målskifte" eller "Målbrigde" betre på nynorsk? "Språkskifte" evt. "Sprog-" er vel nemninga som vert nytta av Riksmålssida i målstriden. "Språkskifte" er korrekt når det gjeld overgang mellom samisk og norsk, men det er vel ikkje dette som er hovudsaka i desse artiklane? --Eivind G. Hoel (Eivindgh) 8. sep 2013 kl. 14:19 (CEST)

Eg skjønar innvendinga, sidan overgang frå riksmål til landsmål og vice versa ikkje gjeld overgang frå eitt språk til eit anna, berre mellom to variantar av same språk. Men wikidugnaden på dette feltet er altså også meint å inkludere tilhøvet samisk/norsk i kommunane, sjølv om det dessverre ikkje har vorte nokon artikkel om dette enno. Og det er vel såpass bra synonymitet mellom "mål" og "språk" at det ikkje blir heilt feil å bruke språkskifte om nynorsk/bokmål heller? Bokmål og nynorsk kan vel like godt kallast "språkformer" som "målformer"? Eller tek eg feil? Vil treng fleire synspunkt på dette! (Eg vegrar meg mot forma "-brigde", da dette ikkje fell naturleg for bokmålsbrukarar.) --Hans P. Hosar 9. sep 2013 kl. 08:23 (CEST)
Tja... «Målform» verkar ekskluderande for alle dei samiske språka pluss finsk/kvænsk. Og nynorsk og bokmål er no trass alt separate skriftspråk, om enn temmelig like i somme av sine mange variantar. (Og den likheita finn vi forresten att i mesta like stor grad i svensk og dansk skriftspråk.) Så eg trur språkskifte alt i alt er mest inkluderande i denne samanhengen. -- Olve Utne 16. sep 2013 kl. 18:22 (CEST)