Sandvik (Kvinesdal gnr. 176/7)
Sandvik | |
---|---|
Gammelhuset i Sandvik omkring 1950. Huset var i tømmer, med påsett kledning i seinare tid. Til venstre kan skimtast sauefjøs som i dag er kårstove. | |
Utskilt: | 1905 frå bnr. 3 |
Sokn: | Fjotland |
Fylke: | Vest-Agder |
Kommune: | Kvinesdal |
Gnr.: | 176 |
Bnr: | 7 |
Sandvik er eit småbruk (gnr. 176/7) i Fjotland i Kvinesdal kommune. Bruket blei skild ut frå Åmland (bruk 3) i 1905.
Det opphavlege huset var lafta på mur av naturstein og seinare påsett kledning. Ukjend byggjeår, men truleg frå tidlig 1900-tal. Det gamle huset blei rive kort tid etter at det nye huset blei teken i bruk i 1984.
Bruket har i dag to adresser.
Våningshuset (Åmlandsvegen 302) blei reist i 1984. Dette er eit typisk hus frå 1980-talet i tre etasjar. Det har grunnmur i Leca, bygt i tre med kvistar på tak og karnapp. Huset blei bygt vegg-i-vegg med det gamle huset.
Kårstova (Åmlandsvegen 304)blei ombygd frå sauehus til bustadhus i 1986. Huset er i mur.
Fjøs/låve blei bygt i 1960-1961 i tre etasjar. Fjøset er i støypt mur med kvitmåla vegger, medan låven er raudmåla.