Sauherad Historielag
Sauherad Historielag, stifta 5. oktober 1986, arbeider med lokalhistoria i Sauherad i Midt-Telemark kommune. Laget har gjeve ut Sauherad-kalenderen sidan 2015, i tillegg til anna lokalhistorisk litteratur.
I 2019 hadde laget 96 medlemmar. Gjennom åra har det vore ein jamn auke.
Historikk
Det fyrste styret i historielaget såg slik ut: Arnt Håtveit, leiar, Anne Volltveit Kaasa, nestleiar, Anund Holte, kasserar, Kittil Prestholdt, sekretær, Hans Stenstad, styremedlem, Olav Klever, varamedlem, Hans Myrkås, varamedlem.
Etter dette har historielaget hatt desse leiarane.
- Arnt Håtveit (1986-??)
- Olav Klever (??-2004)
- Bjørn Holta (2004-2012)
- Eivind Lønheim (2012-dd)
Andre sentrale personar har vore: Johan Ingebretsen, Anne Volltveit, Einar Kleivrud, Kittil Prestholt, Gunhild Haugerud og Ole Thor Ripegutu.
Aktivitetar
Sauherad Historielag var i fleire år med på eit stort prosjekt om kulturminnekartlegging i dåverande Sauherad kommunen. Historielaget var òg «pilot» på prosjektet Kultur- og naturreise i regi av Riksantikvaren og Norsk kulturråd.
Laget har hjulpe kyrkjekontoret med ein verneplan for kyrkjegardane i Sauherad.
Vedtekter
- §1: Sauherad Historielag har som føremål å arbeide for interesse og forståing for kommunens historie frå fyrste tid til i dag.
- §2: Inntil kultursoga for Sauherad er skriven, vil ein arbeide for eit best mogleg kjeldegrunnlag for denne, primært gjennom munnleg tradisjon.
- §3: Alle som vil stø eller arbeide for dette føremålet kan bli medlemer ved å betale årskontingent. Kontingenten blir fastsett av årsmøtet.
- §4: Årsmøtet er høgaste organ i laget. Det skal innkallast av styret med minst 14 dagars varsel. På årsmøtet skal styret legge fram revidert rekneskap og årsmelding, likeins arbeidsprogram og budsjett for året som kjem.
- §5: Årsmøtet vel kvart år innan utgangen av januar månad eit styre på 5-7 medlemer med 2-4 varamedlemer. Leiaren blir vald særskild av årsmøtet. Årsmøtet vel og 2 revisorar. Styremedlemene blir valde for 2 år om gongen, slik at det på fyrste årsmøtet er 2 styremedlemer på val. Revisorane blir og valde for 2 år om gongen. Styre skal føre protokoll.
- §6: Sauherad Historielag skal stå tilslutta Landslaget for lokalhistorie.
- §7: Ved lovendring krevst 2/3 fleirtal, elles vanleg fleirtal. Dersom styret eller 1/3 av medlemene finn det nødvendig, kan det innkallast til ekstraordinært årsmøte.
- §8: Vedtak om oppløysing av laget kan bare bli gjort på årsmøtet og krev 2/3 fleirtal. Ved oppløysing skal lagseigedomen tilfalle kommunen og nyttast i det lokale kulturarbeidet.
Publikasjonar
- Håtveit, Arnt Edvin: Saude og Nes. Utvandrarar 1843-1914. Pionertid 1843-1865. Utg. Sauherad Historielag. 2000. 136 s. ISBN 82-993412-0-5. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Wahlstrøm, Thorbjørn og Helge Markussen: Til stuls på Sauheradfjella. Utg. Sauherad Historielag. 199 s.
Kjelder
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).
- Sauherad Historielag si heimeside (nedlagt pr. 2022)