Sigfred Hovda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sigfred Ingvald Hovda (fødd 23. juli 1933 i Vang i Valdres) er lærar og forfattar.

Sigfred Hovda er fødd og oppvaksen i Vang i Valdres. Som ung dro han til Oslo for å ta lærarskulen og jobba deretter ti år utanfor dalen. Men då han vart tipsa om ei ledig lærarstilling i Vang, søkte han og fekk jobben. I heile sitt yrkesaktive liv har han vore lærar. Han slutta karrieren som rektor ved Høre skule.

Han blei etterkvart som tida gjekk meir og meir oppteken av lokalhistorie, og har vore pådrivar og aktiv medarbeidar for bokverk og publikasjonar av ymse slag; som til dømes Gardar og slekter i Vang, Prestehistorien for Vang, Vang kommune gjennom hundre år, Arvegull - Andris Vang og livsverket hans, Gamalt og nytt frå skulesoga i Vang og Vang sanglag 100 år, i tillegg til bidragsytar til Årbok for Valdres historielag. Som skribent har han gjort seg særlig bemerket, og han skriver eit lett og dialektfarget nynorsk.

Hans første bokutgivelse kom i 1989 med Vang Sparebank 100 år : 1889-1989, som var ein grundig gjennomgang av bankens hundreårige historie. Hovda har òg skreve turbok for Vang i Valdres hvor kulturminner og kulturhistorie på ein god måte blir vevd inn i turane og turforslagane, og han er mykje benytta til guide i [[Valdres]].

I tillegg til dette har han som songar i Vang Sanglag i meir enn 30 år skreve fleire revyar og gleda bygda med sitt teatertalent i ein årrekkje. Han er ein mann som har forteljarkunsen innebygd og med så mykje lokalhistorisk stoff innabords, bidrar han ofte med kåseriar ved ymse anledningar.

Ein anna hobby han har, er kunstmåling, og då helst landskapsbileter. Favorittmotiva er natur, gamle hus og gardstun, og han har hatt utstilling på biblioteket i Vang.

Sigfred Hovda har hatt ulike verv i kommunen og var kommunestyrerepresentant for Kristeleg Folkeparti i 16 år. I ein periode var han også varaordførar.

Han har vore medlem av Vang forliksråd i 24 år og vore med i kulturstyret i 20 år. Han har og vore leiar av Valdres historielag, sittet i styret for Valdres folkehøgskule og i styret for Valdres museum. I tillegg vore leiar i Vang Sanglag og president i Valdres Lionsklubb.

I 2008 blei han tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull for sitt kulturengasjement i Valdres.

Som pensjonist vart han kyrkjetjenar i Heensåsen kyrkje.


Bibliografi

  • Vang Sparebank 100 år : 1889-1989. Vang Sparebank, 1989.
  • Turhandbok Vang i Valdres : ei reise i natur og kultur. Valdres trykkeri, 2001.
  • Boke um Ryføss : frå nesten ingen ting til livskraftig bygdesenter. Vang historielag, 2007.
  • Boke um Herredal'n : ei kulturhistorisk vandring. s.n. 2013.
  • Vilt o Vetøgt : um følk o hendinga i Vang. s.n. 2018.

Kjelder

Prisar

  • Gjertrud og Torgeir Høverstads ærespris 2000
  • Valdres Sparebanks Ærespris 2001
  • Vang kommunes Den positive Vangsgjelding 2004

Sjå også