Signe Kjetilsdotter Berge (1891–1969)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Signe Berge fekk kongens fortenestemedalje i sylv ved ei tilstelling på Foldsæ sept. 1960. Fotograf Kåre Stubø.
Kjøkkenpersonalet på Foldsæ landbruksskule 1923-1924. Truleg i kjøkkenet, med utgangsdøra mot nord.
Signe Berge og Ragnvald Gravir med kongens fortenestemedalje. Foldsæ 1962. Fotograf Bjørgulf Larsen.

Signe Kjetilsdotter Berge (fødd 27. oktober 1891 i Fyresdal, død same stad 12. april 1969) var i mange år husmor og styrar for internatet ved Foldsæ Landbruksskule.

Familiebakgrunn

Signe var frå plassen Saga/Høgefoss under gnr. 93/1 Foldsæ. Foreldra var Kjetil Olavson Ø. Grunnevik (1865-1925), gift 1886 med Ingebjørg Knutsdotter (1861-1946) frå Kvålo i Lårdal. Dei var innerstar på plassane Solli, Nordskog, Strånd, Berge og Søberg, alle i Hauggrend, og kom så til Saga. Denne plassen låg sør for tunet på Foldsæ og like ved ein foss i Bergesåa. Det var frå førstninga ein husmannsplass med namnet Høgefoss, det vart så bygd eit hus her som fekk namnet Saga og etter kvart vart dette namnet på heile plassen. I 1903 fekk Kjetil og Ingebjørg feste på plassen, og i 1921 vart Høgefoss/Saga skyldsatt som gnr. 93/9 Årstad, og Kjetil vart sjølveigar. Plassen Berge ligg ved Bergesåa, nedstraums i høve til Saga. Namnet Berge vart teke som familienamn. Med denne bakgrunnen er det lett å skjønne at ho vekslande vart nemnd som Signe Berge, Signe Saga og Signe Årstad. Signe var nummer tre av seks syskjen.

Innepike på Foldsæ Fattiggard

I 1920 var Signe innepike på den kommunalt eigde Foldsæ Fattiggard/Gamleheim. Kommunen kjøpte Foldsæ av ein privat eigar og dreiv garden som fattiggard og gamleheim i perioden 1897 til 1922. Bygningen øvst i tunet (til høgre på fotografiet til Bendik Taraldlien i biletgalleriet under) er flytta hit frå det gamle tunet på garden. Bygningen til venstre med ark er nybygd, og der var kjøkken og matstove etter som ein veit. Alle bygningane vart satt opp i perioden like etter overtakinga 1897.

Husmor på Foldsæ Landbruksskule

Då landbrukskulen tok fatt vart det satt opp tre bygningar, ein for kvar av dei to grunnleggjarane og ein stor skule- og internatbygning, Dovrehalla kalla. I kjellarhøgda av denne var kjøkken med turvande andre rom, og matsal. Kjøkkenet var mot nord og matsalen mot syd.

Signe var fyrst kjøkkenjente, vi ser henne på eit tidleg foto frå kjøkkenet i nybygget 1923/1924. Etter kvart tok ho over som husmor og hadde då dette viktige og krevjande arbeidsområdet til ho gjekk av med pensjon 15/12-1960. For denne imponerande innsatsen over lang tid fekk ho kongens fortenestemedalje i sølv sept. 1960. Elevar og lærarar hadde nok mykje sans for henne, elevane nemnde henne mykje som «Signe Maten». Stabburet/loftet frå det gamle tunet var flytta ned til ny stad, og på taket av dette var eit lite klokketårn med ei solid gardsklokke. Når det var tid for mat, vart det ringa med denne slik at det ljoma sterkt utover heile grenda.

Signe og eigedomen Tveit

I 1938/1939 vart parsellen gnr.93/14 Tveit skyldsett frå Foldsæ Skog, og same året selde Fyresdal kommune til Ingebjørg Saga på vegne av dottera Signe Berge. Signe bygde seg hus på Tveit og vart buande der, fyrst saman med mora. Plassen Saga vart innlemma i utmarksarealet til Foldsæ, som var planlagt til fiskeoppdrettsanlegg.

Kongens fortenstmedalje

Signe fekk som nemnt kongens fortenstmedalje i sylv i september 1960. Ei enkel markering av dette vart gjort, men ved eit stort Foldsæ-stemne i august 1962 vart det også markert. Samtidig heidra ein skulestyraren Ragnvald Gravir som hadde fått kongens fortenstmedalje i gull.

Epilog

Signe vart gravlagd på Veum kyrkjegard 18. april 1969. Ved gravminneregistreringa i 2009 var gravminnet tildekt av ein einerbusk.

Biletgalleri

Kjelder