Sigrid Pålsdotter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sigrid Pålsdotter levde i Skjåk eller Lom i fyrste halvparten av 1400-talet. Etter alt å dømme var ho gardbrukar og jordeigar. I 1442 vart ho skulda for alvorlege brotsverk.

Gardfolk på Nørdre Skrinde?

Vi kjenner til henne frå to mellomalderdiplom frå høvesvis 1442 og 1453. Det sistnemnde gjeld ein gardhandel der Sigrid og mannen hennar, Ogmund Jonsson, hadde selt ein gardpart i Mork på Åbusstrond i Lom hovudsokn. Gardhandelen fann stad på Nørdre Skrinde på Hovsstrond i Skjåk, der ekteparet er til stades saman med kjøparen Håvard Ledesson. Dette peikar i retning av at Skrinde var heimen til ekteparet, og at dei var gardbrukarar der.

Brannstifting og drap?

Diplomet frå 1442 fortel ei temmeleg dramatisk historie om Sigrid, der ho blir tiltala for to alvorlege kriminelle forhold. Ho hadde sett fyr på og lykkast i å brenne ned ei bru, og ho skal ha vore årsak til at ein mann drukna i samband med dette. Kva bru det kan ha dreia seg om, framgår ikkje, men mannen som drukna heitte Helge Håkonsson.

Retten vart sett for desse sakene på tingstaden Mo ved Lomskyrkja den 8. februar det året. Her var det ektemannen Ogmund som møtte på vegne av den tiltala kona si. Det var ein privat motpart i saka, Torgils på Nes og Margareta Håkonsdotter. Den sistnemnde kan etter farsnamnet å dømme ha vore syster til den Håkon som hadde omkome. «Nes» gjeld venteleg den namnegarden som i dag er delt i Synstnes, Nørstnes og Stusnes. Staden ligg rett på andre sida av Ottaelva i høve til Skrinde. Det kan gjere sitt til å styrke gissinga om at Sigrid og Ogmund budde på Skrinde.

Retten kom til at Sigrid hadde skulda for brubrannen, men at ho ikkje kunne lastast for at Helge Håkonsson hadde forulykkast. Straffeutmålinga for brannstiftinga bestod i at Sigrid og Ogmund måtte få bygt opp att brua like god som før, og dertil skulle dei betale bygdefolket ei mark sølv i skadebot.

Tolvmannsnemnd, lagmann og drottsete til stades

Måten rettssaka vart avvikla på har spesiell rettshistorisk interesse. Det er lagmannen på Opplanda, Nikolas Aslesson, som står som utsendar av domsbrevet. Men til stades er også ein annan viktig person, ja den fremste i landet nest kongen, nemleg drottseten, som ikkje er nemnd ved namn, men som ut frå tidspunktet må vere Sigurd Jonsson.

Etter at det fyrst var avklara at innstemninga til møtet på Mo hadde gått rett føre seg, kravde «alle» dom og lovorskurd frå drottseten, som var høgste dommar i landet nest kongen. Men da tilkalla han lagmannen og 12 svorne lagrettemenn til å dømme med seg.

Domsbrevet frå saka mot Sigrid Pålsdotter er teke med i ei moderne kjeldesamling for historiestudentar.[1] Det er der brukt som døme på at den «demokratiske» domsinstitusjonen (dei 12 lagrettemennene) på nytt kjem sterkare inn i rettsvesenet i seinmellomalderen, etter å ha vore noko sett til side for det profesjonelle rettsapparatet som fungerte i den godt utbygde høgmellomalderstaten fram til 1350. Det har vore kalla ein renessanse for bygdetinget og lagretteinstitusjonen,[2] og også karakterisert som ei primitivisering av rettspleie og forvaltning.[3]

Slik sett kom Sigrid Pålsdotters drastiske handlingar i 1442 til nytte for vår tids forsøk på å oppnå ei djupare forståing av hennar tid og samfunn.

Referansar

  1. Norske middelalderdokumenter, nr. 113.
  2. Holmsen, A. 1971 (1938) s. 342
  3. Imsen, S. 1977 s. 281.

Kjelder og litteratur

  • Diplomatarium Norvegicum bd. II Digital versjonNettbiblioteket: Nr. 747 (s. 561–562) datert Mo, 8. februar 1442.
  • Diplomatarium Norvegicum bd. X Digital versjonNettbiblioteket: Nr. 209 (s. 161) datert Skrinde, 3. februar 1453.
  • Holmsen, Andreas: Norges historie. Fra de eldste tider til eneveldets innførelse i 1660. Oslo 1971 (1938).
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, bd. 1. Historia fram til 1537. Digital versjonNettbiblioteket. (Side 273–277.)
  • Imsen, Steinar og Sandnes, Jørn: Avfolkning og union. Norges historie bd. 4. Cappelen forlag. Oslo 1977.
  • Norske middelalderdokumenter. I utvalg ved Sverre Bagge, Synnøve Holstad Smedsdal og Knut Helle. 1973.