Sjå deg attyvi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fyrste utgåve av «Sjå deg attyvi»

Sjå deg attyvi er Fyresdal Sogelag sitt årsskrift. Det fyrste av desse vart gjeve ut i 1990. I 1992 kom det ikkje ut årsskrift, men sidan har det kome ut årleg. Bøkene er oftast med blanda innhald, men andre gonger tematiske. I 2001 fekk sogelaget i staden for årsskrift til ei ny utgåve av Jon Laurits Qvisling si bok Fyresdals historie.

Årsskrift med hovudtema

  • Folkemusikktradisjonar frå Fyresdal. Årsskrift 1995.
  • Torbjørg Lie: Brev til «Decorah-Posten» 1890-1922.Red. Øyvind Gulliksen. Årsskrift 1996.
  • Samla utgåve av dikt og anna etter Helga Homme. Årsskrift 1998.
  • Posten i Fyresdal. Årsskrift 1999.
  • Minneskrift over heradskogmeister Einar Stoltenberg del I. Årsskrift 2002.
  • Minneskrift over Heradskogmeister Einar Stoltenberg del II. Årsskrift 2003.
  • Minne om skogsdrift i Fyresdal. Årsskrift 2004.
  • Foldsæ - gnr 93 bnr. 1 i Fyresdal kommune. Årsskrift 2005.
  • Lars Veum: Husmannsvesenet i Fyresdal. Del av Årsskrift 2007.
  • Tema: Avisartiklar frå bygda. Årsskrift 2008.

Kjelder

  • Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag sitt årsskrift 1990.