Sjur Paulson Kruna

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjur Paulson Kruna (fødd kring 1592, død kring 1681) var truleg frå Øvre Fåberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Han tok over som gardbrukar og leiglending på Kruna kring 1615 og gifte seg truleg på same tida med ei Gunvor som ein ikkje kjenner opphavet til. Sjur dreiv Kruna så lenge han levde, men gav frå seg ein del av bruket kring 1667.

Sjur var lensmann i Jostedalen 1639-1647[1]. Han er også nemnd som lensmann i jordeboka for 1656 og kan ha hatt ombodet i overgangen mellom Torstein Espe og Ole Arneson Åsen. Han er nemnd som lagrettemann i eit dokument frå januar 1656, men ikkje som lensmann.[2]

To born er kjende etter han:

Notar

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 826. (Digital utgåve, NBdigital)