Skogheimvegen (Sauherad)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Skogheimvegen, tidlegare søndre del, nå stikkveg til Hørtevegen.
Foto: Roy Olsen (2017).
Skogheimvegen på Hørte i Midt-Telemark kommune går vest- og nordover frå Rukarvegen ved Geiteryggen gressbane/Hørte idrettsplass.
Vegen har namn etter nr. 43, eigedomen Skogheim (gnr. 186/46), og blei namnsett i 2009.
Tidlegare (fram til 2020?) var vegen delt i to delar, langt frå kvarandre og utan noko samband. Den søndre delen gjekk nordover frå Hørtevegen i krysset med Furuheimvegen. Denne delen er nå ein stikkveg med adresser til Hørtevegen.
Eigedomane med adressene Skogheimvegen 3, 5, 9 og 10 har fått endra adressene til Hørtevegen 561, 563, 567, og 569.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no