Sloge

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sliul»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sliul fra Sparbu i Steinkjer kommune, på Norsk Folkemuseum.
Foto: Jon-Erik Faksvaag
Truleg er denne sloga tysk, men dei norske var av same typen.

Ei sloge eller sliul (sjå fleire namn nedafor) er ein treskereiskap. Dette var det vanlegaste reiskapen før treskemaskinane kom. Den har eit skaft, handvola eller tustervola, som var omlag 1,2 meter langt. Ein kortare stokk, slagvola eller dettvola, var bunde til skaftet med vidje, åleskinn, oksesene eller tau. Slagvola kunne vere rund eller åttekanta.

Tresking med sloge
Foto: Skansen, Johannes P: "Bygdemøllene i Norge", 1958

Ein la kornbanda på golvet i fleire rekkjer med aksendane mot kvarandre. Så slo ein med sloga så kornet vart skild frå halmen, raka bort halmen og kasta kornet med ei låvekluft, ein gaffelforma reiskap. Etterpå kunne ein tresk kornet meir varsamt ein gong til for å få ut agner og småhalm.

Namn

Reiskapen hadde mange namn rundt om i landet. Nokre av dei som er kjend er:

  • sloge (Austlandet og Trøndelag)
  • slog (Leka)
  • sloå (Leka)
  • slue/sluo (Austlandet og Trøndelag)
  • sluggu (Austlandet og Trøndelag)
  • slegel
  • sliil, slijill (Fåberg, Trysil)
  • sliul (Austlandet; Bærum, Sør-Odal, Ås, Kråkstad, Svindal, Våler (Østf.), Onsøy, Eidsberg, Rømskog)
  • sluggul (Os (Hedmark))
  • slyul, slyjul (Aurskog/Blaker, Romerike)
  • sliu (Grue, Sandsvær)
  • slale (Grue)
  • slʌle/slæle (Solør, Grue)
  • sløle (Sør-Odal, Nord-Odal)
  • slule (Eidsberg)
  • slile (Nordre Land, Løten, Vestre Gausdal)
  • slire (Hedmark, Modum, Ådal(Ringerike), Land, Østre Toten)
  • sliru (Østre Toten)
  • tust (Vestlandet, Sørlandet, Hallingdal, Gudbrandsdalen)
  • flygjel (Telemark og Sørlandet)
  • fløgel (Telemark og Sørlandet)

Kjelder