Snippeteppe
Snippeteppe er ein vevtradisjon i Gjerstad (Aust-Agder) og nærliggande distrikt. Teppene er vevd med filler i to-skaft med smett. Som ein fusjon mellom åkletradisjonen og filleryer. Mønstertradisjonen er lik åkleet, med geometriske formar. Mønsteret består ofte av parallellogram, noko som truleg også har gjeve teppene namnet («snipp» som i sirupssnipp). Teppene var anvendelige tekstiler, og har vært nytta både på golv, vegger og oppå sengehalmen.
Ein er usikker kor gamle tradisjonen er. Eit av det eldste teppene ein kjenner til er vevd i Gjerstad på slutten av 1800-tallet og har eit komplisert mønster. Fargebruken i dei gamle teppene er mørker enn i dei nyare. Noko som truleg kjem av at det blei brukt mørkare farger i kleda tidlegare. Dei mørke fargene var ofte filler frå herredressar og vinterfrakkar, mens dei lyse fargane kom gjerne frå bomullsfiller. De gamle teppene fortell om solid arbeid i veven - og god fargesans.
Gjerstad husflidslag
Rundt 2006 satt Gjerstad husflidslag i gang en «redningsaksjon» for å ta vare på tradisjonen med å veve snippe-tepper, laget var redd at kunnskapen om desse snippe-teppene skulle forsvinne. Laget har gjort eit omfattande registringsarbeid av snipptepper i Gjerstad og nærliggande kommunar, over hundre 100 snipptepper blei registrert og dokumentet. Og satt i gang med kurs. Husflidslaget meiner at det er viktig at teknikken tas vare på og vidareførast av kommande generasjoner, derfor er det avgjørande med desse kursa. Vevgruppa i laget samlast kvar tysdag på Byholt skule for å vev mellom anna snipptepper.
Snipptepper er Gjerstad husflidslag bidrag i Norges Husflidslag sin landsomfattande rødliste-dugnad for å bevare husflids- og handverksteknikkar er i faresonen for å forsvinne.
Galleri
Kjelder
- Samtale med Grethe Dalen 15. desember 2015
- Aust Agder Blad: «Snippeteppe-kurs» 13. juni 2009
- Aust Agder Blad: «Aksjon snippe-tepper!» 07. april 2008
- Norsk Husflid: «Åkletradisjon på gulvet» nr. 5 2007
- Norsk Husflid: «Snippteppene reddes» nr. 3 2008
- Personlige erfaringer; Heidi Thöni Sletten vevd snippetepper (med Ågot Sletten).