Stasjonsvegen (Bø i Telemark)
Stasjonsvegen i Bø sentrum i Midt-Telemark kommune går sørover frå rundkøyringa i krysset med Bøgata og Folkestadvegen, «Midtbygdakrysset», til Lundevegen ved Bø stasjon. Han er om lag 380 meter lang.
Vegen har namn etter Bø stasjon og blei namnsett i 1967.
Stasjonsvegen blei anlagt som bjørkeallé kring 1920. I 1974 blei alleen hogd og vegen utvida. I løpet av hausten 2016 og våren 2017 blei Stasjonsvegen rusta opp på ny for å leggje betre til rette for gåande og syklande.
Eigedomar
Nr. | Bilde | Om eigedomen |
---|---|---|
1 | Gnr. 53/271, Sandagården. Til 2014 sto det to samanbygde hus på eigedomen, eit gamalt trehus, og eit nyare i mur. Kvelden og natta til 22. februar 2014 brann det to gonger i trebygningen, og i andre brannen blei den totalskadd. Kort tid etter blei den brannskadde bygningen rive. Ein leigebuar, ei 38 år gamal kvinne, blei tiltalt og dømd for brannstifting. | |
4 | Gnr. 53/1/5, «Skoghaugen». Sett opp for Telemark språk- og realskule i 1923 av byggmeister Olav Jensson Haugen. Skulen hadde to romsklege klasserom med plass til 30 elevar, gymnastikksal, sløydrom og kjøkken. Eit rom som ei tid var matsal for elevane, blei seinare gjort om til klasserom. For å betre økonomien, blei det beslutta å starte opp kinodrift i gymnastikksalen, og denne kom i gang i 1931. Det var lærarar ved skulen som sto for dette utan vederlag. Bø kommune tok over kinodrifta i 1956, og Bø kino heldt til på Skoghaugen fram til 1994, da den flytta inn i det nye Gullbring Kulturanlegg. | |
5 | Gnr. 53/272. Tidligere Bø postkontor. | |
10 | Gnr. 53/181, tidlegare festetomt nr. 9 under Bø Prestegard gnr. 53/1 (tinglyst 7. desember 1921). Utskild som bnr. 181 i 1989. Blei totalskadd av brann natt til tirsdag 21. januar 2014 da kriminelle tende på huset for å skjule spora etter tjuveri. Huset blei rive kort tid etter. | |
12 A/F, 14 | Gnr. 53/195 | |
15/17/19 | Gnr. 51/237 | |
20 | Gnr. 51/15, «Borre». | |
21 A/B | Gnr. 51/216 Forretningsbygg. | |
23 | Gnr. 51/40. | |
24 | Gnr. 51/144, «Heimtun». | |
25 | Gnr. 51/39. | |
26 | Gnr. 51/21, «Flatbø». | |
28/30 | Gnr. 47/234, 235 og 47/119, Bøsenteret. Sett opp i 1996–1997. | |
29 | Gnr. 51/26, «Framstad». | |
31 A–D | Gnr. 51/41. Også Framstadvegen 36–52. | |
32 | Gnr. 47/33/3, festetomt under Grivi søndre. Einebustad. | |
33 | Gnr. 51/34. Tidlegare m.a. Grivi matbutikk. Rive våren 2020. | |
34 | Gnr. 51/19, «Aspheim». Einebustad. | |
35/37/39 | Gnr. 66/3, Bø stasjon. Stasjonsbygning, oppført kring 1920. | |
40 | Gnr. 51/10, «Vonheim». | |
44 | Gnr. 51/22, «Vestheim». Forretningsbygg. | |
46 | Høyrde til gnr. 66/3, Bø stasjon. Stasjonsbua, kiosk. I samband med oppgraderinga av parkeringsplassen til stasjonen blei Stasjonsbua fjerna i desember 2018. Fram til gatekjøkkenet opna i nye lokale i stasjonsbygnaden i april 2019, hadde dei tilhald i ein mobil eining parkera ved bussterminalen. | |
48 | Høyrer til gnr. 66/3, Bø stasjon. Pakkhuset, oppført kring 1920. |
Kjelder
- Bøsoga II, Gards- og ættesoga band I ved Stian Henneseid. Bø kommune 1972 s. 458
- Bø kommune sin nettstad.
- Kartverket: norgeskart.no