Steinland Trevarefabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Steinland Trevarefabrikk var ein trevare- og møbelfabrikk i Velledalen i Sykkylven. Det var Arthur Synnes frå Vigra som tok initiativet til å etablere verksemda i 1938. Synnes var ikkje ukjend med trevareproduksjon då han kom til Velledalen i 1938. På Vigra hadde han drive produksjon av salongar, vindaugsrammer og dører. Synnes var gift med syster til brørne Karstein og Lars Brunstad. I lag med dei starta han Steinland Trevarefabrikk på Hole i 1938. Dei heldt fram med Synnes sin salongproduksjon. Etter kvart gjekk dei over til å berre lage treverk til andre fabrikkar. Sjølv om Arthur Synnes var medeigar i den nye bedrifta, heldt han fram med fabrikken på Vigra. Først i 1950 bygde han seg stovehus i Velledalen.

Steinland Trevarefabrikk heldt i tolv år til i kjellaren i Nygarden på Hole. I 1950 kunne dei flytte verksemda inn i eit nyoppført fabrikkbygg på Jetmundbruket på Brøvoll. Fram til 1950 hadde det vore opp til fem arbeidarar på Steinland Trevarefabrikk. Karstein Brunstad heldt fram med same bemanninga då han tok over verksemda i 1954. Arthur Synnes fann seg ikkje heilt til rette mellom dei mektige fjella i Velledalen; det var det frie utsynet mot flate himmelranda han var van til.

Nygard Trevarefabrikk kalla Karstein Brunstad verksemda si. Han leverte treverk til møbelfabrikkar i Sykkylven, både store og små. Etter kvart forsvann mange av dei små. Det fekk Nygard Trevarefabrikk føle. For å fylle ut ledig kapasitet byrja verksemda å lage entremøblar, ved sida av at dei hadde gode leveransar til J.E. Ekornes Fabrikker A/S og Stilig i Tusvika. Leveransane til Ekornes-fabrikken varte ved heilt til 1973, då Nygard Trevarefabrikk gjekk konkurs.

Kjelde