Stormaster

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Stormasta»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stormastra eller stormasta er den lengste mastraseglskuter med meir enn éi master. På tre- til femmastra skuter er stormastra normalt den andre mastra rekna frå baugen. På tomastra skuter er stormastra den fremste mastra på galeasar og hukkertar og den attaste mastra på skonnertar, brigantinar, snauar og briggar. Mastra framom stormastra blir kalla fokkemastra, og den attaste mastra blir kalla mesanmastra. På skip med fleire enn tre mastrer finst det andre namn på mastrene mellom stormastra og mesanmastra.