Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1873
Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1873 viste at bondevenrørsla ikkje stod så sterkt i fylkespolitikken som under 1870-valet. Medan fem bønder hadde representert fylket dei siste tre åra, kom no to akademikarar inn. Balestrand-presten Harald Ulrik Sverdrup tapte plassen sin i 1870, men kom no inn att. Ny var dessutan overrettssakførar og Førde-ordførar Carl J.S. Steen. Ingenting rokka likevel posisjonen til gardbrukar og ordførar Arne Tonning i Stryn.
Valde representantar
Verv | Namn/tittel | Merknad |
---|---|---|
1. representant | Gaardbr. Arne Tonning | 1. repr. førre periode |
2. representant | Sognepræst H. U. Sverdrup | Representant 1851-70 |
3. representant | Lensmand L. Ellingsen | 1. suppl. førre periode |
4. representant | Gaardbr. S. M. Bugge | 3. repr. førre periode |
5. representant | Overretssakfører C. J. S. Steen | |
1. suppleant | Lensmand A. M. Andresen | 2. suppl. førre periode |
2. suppleant | Kirkesanger K. R. Kirkhorn | 4. suppl. førre periode |
3. suppleant | Gaardbr. K. L. Vefring | 2. repr. førre periode |
4. suppleant | Gaardbr. E. I. Offerdahl | 5. suppl. førre periode |
5. suppleant | Gaardbr. O. M. Bakke | 3. suppl. førre periode |
Valet
Valtinget vart halde på Lærdalsøyri 3. juli 1873 med 64 valmenn tilstades. Ved representantvalet fekk 17 personar røyster, i denne rekkjefølgja:
Nr | Namn | Røyster | Merknad |
---|---|---|---|
1. | Arne Tonning | 61 | |
2. | Harald Ulrik Sverdrup | 44 | |
3. | L. Ellingsen | 43 | |
4. | S. M. Bugge | 43 (loddtrekning) | |
5. | C. J. S. Steen | 24 | |
6. | A. M. Andresen | 19 | |
7. | K. L. Vefring | 18 | |
8. | K. R. Kirkhorn | 18 | |
9. | E. I. Offerdahl | 14 | |
10. | Lars Storesund | 9 |
Til valet som 1. suppleant fekk desse flest røyster:
Nr | Namn | Røyster | Merknad |
---|---|---|---|
1. | A. M. Andresen | 23 | |
2. | K. R. Kirkhorn | 18 | |
3. | K. L. Vefring | 9 |
Til valet som 2.-5. suppleant fekk desse flest røyster:
Nr | Namn | Røyster | Merknad |
---|---|---|---|
1. | K. R. Kirkhorn | 51 | |
2. | K. L. Vefring | 43 | |
3. | E. I. Offerdahl | 34 | |
4. | O. M. Bakke | 18 (omval) | |
5. | Lars Storesund | 18 (omval) | |
6. | Nydal | 17 | |
7. | Kvale | 16 | |
8. | Anfinn Refsdal | 10 | |
9. | lensmand Falch | 10 |
Frammøte på Stortinget
Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1874, 1875 og 1876. Steen vart permittert på grunn av sjukdom 18. april 1874 og døydde 15. juni. Andresen møtte såleis frå 5. mai 1874 og i 1875 og 1876. Sverdrup møtte ikkje i 1875 på grunn av sjukdom, så Kirkhorn møtte for han (frå 20. februar).
Kjelder
- Stortingsval i Sogn og Fjordane (liste)
- Lindstøl, Tallak. (1915). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 2, del 1. De enkelte storting og statsraader. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 377-378. (Digital utgåve, NBdigital).