Straumen krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Straumen krins er ein skulekrins i Solund kommune i Sogn. På 1930- og 40-talet kom elevane frå Straumen, Kolgrov og Rørdalsfjorden.

Skulehus

Straumen skule

Skuledagen

Margit Hjønnevåg hugsar godt korleis skuledagen på Straumen skule var då ho gjekk der som born (1936-1943). Dagen starta alltid med ein song, og fyrste time var bibelsoge. “Vi var veldig redde for å ikkje kunne leksa”, minnast Margit. Andre timen var rekning og tredje timen var norsk. Det var lesing i Austlids lesebok samt grammatikk. I matpausen måtte ungane som budde i Straumen gå heim og ete, medan borna som hadde lang skuleveg åt niste på skulen. Etter matpausen var det noregssoga eller landkunna. “Landkunna der vi lærte om andre land, likte eg veldig godt”, seier Margit. Siste timen var ofte teikning, og dagen vart avslutta med ein song og Fadervår. Til vanleg var skuledagen frå 9.00 til 15.00, men om vinteren starta ikkje skuledagen før kl 9.30.

Skulevegen

Lærarar

  • Gustav Svoldal (1936)
  • Birger Eikeland (1937-1938)
  • Torstein L. Skagen (berre våren 1938)
  • Jacob Våge (1938-1942)
  • Arne Nedkvitne frå Voss (1943

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Hjønnevåg, Margit. Straumen skule er historie. Solund Sogeskrift år 2015, s187.
  • Femårsmeldingane for skulane i Sogn og Fjordane. Arkivert hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.01257° N 4.67311° Ø