Svartedauden og øydegardstida på Toten

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Folketradisjonen vil ha det til at pesten kom som ei gammal kjerring med raud stakk. Ho hadde med seg ein soplime og ei rive. Andreas Faye samanfatta alle segnene han hadde høyrt om Svartedauden slik i 1833. I de fleste Fjeldbygder findes der Sagn om denne Landplage, der af Bønderne paa nogle Steder kaldes Storemannadouen, paa andre Svartdouen og Pesta. Stundom forestiller man sig «Pesta» som en gammel gusten Qvinde, der foer om i Landet med en Rive og en Lime. Hvor hun brugte Riven slap altid Nogle fra med Livet; men hvor hun «sopede», der døde hver Moders Sjel. […] Som oftest var hun iført et rødt Skjørt, og angest blev Folk ved at see hende. (Faye, 1833, s. 135).

Svartedauden og øydegardstida på Toten, 1349 – 1700.

I ei bok som kom ut i København i 1754, er det sitert frå ei gammal ministerialbok frå Toten:

Pestis ultimis diebus septembris hic incipiens sc. An. MCCCL. sex duravit hebdomadas, qvo toto [sic] tempore perpetuo pluebat. – Pesten braut ut sist i september MCCCL og vara i seks veker. Det regna heile tida.[1]

Ministerialboka eksisterer ikkje lenger. Ingen veit kor lenge etter 1349 ho vart skriven. Ingen veit om presten som skreiv denne setningen, skreiv av frå ei anna kjelde. Det vi ser, er at årstalet har vorti gali. Det står MCCCL – 1350. Det skulle ha stått MCCCIL – 1349. Vart I-en som skulle stått framanfor L-en borte da presten skreiv talet inn i ministerialboka, eller vart han borte på trykkeriet i 1754, da setjaren sette boka sitatetet er henta frå? Dette får vi aldri svar på. Men det sitatet fortel oss, er at på Toten braut pesten ut sist i september i peståret, og han vara til eit stykkje uti november.

Kva er Svartedauden?

Svartedauden blir vanlegvis brukt som nemning på pestepidemien, eller pandemien, som ramma størstedelen av Europa midt på 1300-talet. Fyrste gongen vi høyrer om han, er i Svartehavsområdet i 1346. I 1353 døydde han ut på dei veldige slettene rundt det øvre Volgaløpet i Russland. I mellomtida hadde han følgt handelsvegane rundt i Europa, frå Svartehavskysten til Italia, frå Italia til Frankrike, frå Frankrike til England og Tyskland, frå England til Noreg.

Bakterien som gir pest til dyr og menneske, har fått namnet Yersinia pestis. Pest er fyrst og fremst ein sjukdom som går på gnagarar, mellom anna på rotter. Frå rotte til rotte blir smitta spreidd med rotteloppa. Når rottene i ein rottekoloni døyr av sjukdommen, hoppar lopper som er infiserte med pestbakterien, over på menneske som er i nærleiken.[2]

Pesten opptrer i to ulike former, byllepest og lungepest. Byllepest er den absolutt mest vanlege forma. Lungepest er eit steg nummer to av byllepesten. Omtrent 80% av dei som blir smitta av byllepest døyr etter 2 – 3 dagar, medan alle som blir smitta av lungepest døyr. Byllepestsmitta går ikkje frå menneske til menneske, det er rotteloppa som overfører smitta. Rotteloppa trivst bra i gangklede og sengeklede. Lungepest kan derimot overførast frå menneske til menneske ved dråpesmitte. Når ein som har lungepest hostar, og du står i dråperegnet, er det stor sjanse for at du får i deg pestbakterien. Lungepestsmitta når ikkje langt. Det går stutt tid frå ein person blir smitta til han døyr, og ingen av dei som blir smitta overlever. Derfor rekk ikkje dei som er sjuke av denne pestvarianten å smitte mange.

Ein straffedom frå Gud

mellomalderen visste ikkje folk noko om korleis sjukdommar vart spreidde. Pesten vart sett på som ein straffedom frå Gud. Folk heldt seg ikkje unna hus der folk var sjuke av pest. Tvert i mot, når eit menneske låg for døden, samla skyldfolk og grannar seg rundt den sjuke, det var skikk og bruk. Presten kom for å gi den sjuke det siste sakramentet, så sjela ikkje skulle gå fortapt. Og når den pestsjuke var daud, vart det haldi arveoppgjer. Alle arvingane møtte opp for å dele eigedelane mellom seg. Gangklede og sengeklede var verdifulle og populære arvestykkje, og var det infiserte lopper i huset, fanst dei i desse kleda. Korkje skyldfolk eller prestar visste at når dei gjekk inn i eit hus der pestsmitta rottelopper huserte, var det stor sjanse for at dei skulle få med seg infiserte lopper heimatt. Heller ikkje visste dei at når dei tok med seg klede og sengetøy den daude hadde brukt, var det nesten sikkert at dei fekk med infiserte, livsfarlege rottelopper på kjøpet. Dermed vart smitta spreidd til stadig nye heimar. Folk hadde inga aning om at dei sjølve kunne ha gjort noko for å hindre at pesten spreidde seg. Dei var sikre på at pesten var ein straffedom frå Gud.

Ikkje alle vart smitta av pestbakterien. For europeiske byar der det finst relativt gode kjelder for folketalet midt på 1300-talet, har ein komi fram til at omtrent 60% av folket døydde i Svartedauden.[3] Dersom dødstalet var 60% og omtrent 80% av dei som vart smitta døydde, kan vi rekne oss fram til at omtrent 75% av alle vart smitta av pesten, eller at omtrent ein av fire gjekk fri for smitta. Men også nokre av dei som ikkje vart smitta, må ha døydd medan pesten rasa. Gamlingar og spedborn var ille ute når folka rundt dei døydde, og ingen kunne sørgje for å gi dei mat og stell.

Korleis kom Svartedauden til Toten?

I ein islandsk annal frå 1300-talet står det at Svartedauden kom til Bergen med eit skip frå England, og at han spreidde seg over heile landet, slik at det ikkje levde att meir enn ein tredel av folket da pesten hadde gjort frå seg. Det er ingen grunn til å tvile på at pesten kom til Bergen med båt frå England. Importen av korn frå England til Bergen var stor, og smitta rotter og loppene deira kan ha vori med i kornlasta. Sjølv om rottene døydde av pest på overfarten, heldt rotteloppene seg i live i kornstøvet, og så vart dei med kornet når det vart ført i land, og hoppa over på lokale folk og rotter.

Men når på året kom pestsmitta til Bergen?

Kornbåtane frå England til Bergen gjekk ut frå byar nord for London. Til dette distriktet i England kom ikkje pestsmitta før våren 1349. Bergen kan ikkje ha fått smitta før utpå sommaren same året. Ein av dei bergensarane som pesten tok, var biskop Torstein. Det er truleg at biskopen og andre geistlege var av dei fyrste som vart smitta av pesten. 8. september er siste gongen biskopen er nemnd som levande i skriftlege kjelder. Det gjer at vi kan gå ut frå at biskop Torstein døydde rett etter 8. september 1349. Det går omtrent åtte dagar frå ein person blir smitta til han døyr, så det er sannsynleg at biskopen vart smitta fyrste veka i september, eller kanskje i månadsskiftet august/september. Frå ein rottekoloni blir smitta av pest til rottene døyr i hopetal og rotteloppene hoppar over på menneske, tek det innpå seks veker. Den engelske båten med smitte om bord må ha komi åt Bergen ikkje så mykje meir enn seks veker før biskopen vart smitta, truleg rundt midten av juli, meiner den fremste svartedaudforskaren vår, Ole Jørgen Benedictow.[4]

På Hamar braut pesten ut fyrst i september[5] og på Toten sist i september i 1349.[6] Ettersom det tek omtrent sju veker frå rottene blir smitta til sjukdommen slår ut i full bløming på menneske[7], må smittestoffet ha komi til Hamar midt i juli og til Toten sist i juli. Det er omtrent på same tida som pestsmitta kom til Bergen. Dermed ser det ut til å vera uråd at Svartedauden spreidde seg til mjøsbygdene frå Bergen. Det må ha vori import av smittestoff til ei anna hamn som var utgangspunkt for pestsmitta hos oss. Oslo var importhamn for korn frå Sør-England, frå distriktet sør for London. Til Sør-England hadde Svartedauden komi i 1348. Kan smitta ha komi til Oslo alt hausten 1348?

Sankt Sebastian er vernehelgen mot pest. I februar 1349 kjøpte Sankt Sebastianalteret i Halvardskyrkja i Oslo ein jordeigedom på Nes på Romerike. Det tyder på at det må ha vori gitt store pengegåver åt dette alteret utover seinhausten og førejulsvinteren 1348. Kvifor gav bymennene i Oslo pengar åt eit alter som var vigd til vernehelgenen mot pest? Benedictow meiner svaret på dette spørsmålet er at pesten hadde komi åt Oslo seint på hausten i 1348. Rotteloppene er lite aktive når det er kaldt, da slumrar dei inn i pelsane åt vertsrottene sine. Men når vårsola tek til å verme, vaknar dei til live att, og pesten bryt ut på ny.[8] Teorien til Benedictow om at pestsmitta kom til Oslo seinhaustes 1348 er omdiskutert. Den svenske mellomalderhistorikaren Dick Harrison meiner at det er umogleg, ut frå så få og svake kjelder som Benedictow har, å argumentere for at pesten kom til Oslo hausten 1348.[9]

Likevel, trass i innvendingane frå Harrison, er det godt som uråd at Bergen kan ha vori utgangspunktet for pesten i mjøsbygdene. Raskaste vegen frå Bergen til Hamar og Toten er med båt inn Sognefjorden til Lærdalsøyri, over Filefjell, ned Valdres og over Tonsåsen. Ei av dei få skriftlege kjeldene som finst frå denne tida, seier at pesten herja i Valdres «mannedaudehausten»[10] , med andre ord på same tida som vi hadde pesten på Toten. Historikarane ser ut til å vera rimeleg samde om at pesten spreidde seg med ein fart på maksimalt 1,5 kilometer for dagen.[11] Det er omtrent 120 kilometer frå Ulnes i Valdres, der uttrykket «mannedaudehausten» er henta frå, til Toten. Dersom teorien om ein spreiingsfart på 1,5 kilometer for dagen har noko for seg, måtte pesten ha herja i Valdres rundt 2 ½ månad før han braut ut på Toten, det vil seia midt på sommaren, og ikkje om hausten. Dermed er smittespreiing via Valdres utelukka. Smitte ved transport av korn frå Bergen til Toten kan vi òg sjå bort frå. Det vart ikkje frakta korn frå Bergen til dei rike kornbygdene ved Mjøsa. Dersom det var nødvendig for totningane å kjøpe importert korn, drog dei til Oslo for å få tak i det, ikkje til Bergen.

Rotteloppene kan ha vorti transporterte i kleda åt ein som reiste frå Bergen til mjøsområdet. Men ei slik reise, med båt og hest, ville fort ha teki innpå to veker. På denne måten ville ikkje nedsmitta rottelopper frå Bergen ha nådd mjøsbygdene før uti august, og vi hadde ikkje hatt dødsfall av pest på Hamar og på Toten før rundt 1. oktober. Da står vi ikkje att med anna enn Oslo som sannsynleg utgangspunkt for pestepidemien som ramma Toten i september/oktober 1349. Frå Oslo kan smitta ha komi til Toten langs handels- og pilegrimsvegen over Hadeland og Høgkorsen, eller over Mjøsa frå Hamar. Helst kom han med rottelopper som sat i kleda til ferdafolk.

Ein uhyggeleg haust

Korleis det var å bu på Toten seinhaustes 1349, kan vi knapt tenkje oss. Sjukdoms- og dødsboda gjekk over heile bygda. Folk samla seg i dødshusa til sorg og til arveskifte, og drog med seg infiserte rottelopper til stadig nye gardar. Likferdene gjekk dagstøtt til alle kyrkjene på bygda.[12] Det vart ikkje att folk til å ta vare på oldingar og småborn. Mykje av kornet som var skori og sett på staur, vart ståande ute. Det var ikkje att folk til å få det i hus. Og kven skulle ta seg av alle husdyra som vart herrelause? Da pesten ebba ut utpå seinhausten, var truleg over halvparten av folket på Toten daude.

Smittepresset må ha vori størst på dei store gardane sentralt i bygda. Der var det mest trafikk av både bygdefolk og framandfolk. Det er mest truleg at gardar som låg i utkanten av bygda og oppi åsen, slapp lettare unna pesten.

Geologisk er Toten delt i tre hovudområde. I den nordlege delen av bygda, mellom Hunnselva og Mjøsa, finn vi leirskifer og kalkstein frå kambro-silur, jordas oldtid. Her har vi den gode og djupe dyrkingsjorda som Toten er kjend for. Den synste delen av bygda, åsen sørover mot Hurdal og Skrukkelia, består stort sett av gneis og syenitt, harde bergartar som gir grunt og lite næringsrikt jordsmonn. Her er det mest skog og myrer. Innimellom finn vi små sæterlykkjer. I denne delen av bygda var det knapt nok fast busetjing føre Svartedauden. Det tredje hovudområdet er Veståsen – vest for Hunnselva. Her er det òg stort sett berre hard gneis og grunt jordsmonn. Men Veståsen ligg ikkje så høgt som grunnfjells- og syenittområdet mot sør. Det budde folk oppi Veståsen føre Svartedauden, men kanskje ikkje på meir enn 6 – 10 gardsbruk.[13] Etter pestepidemien, seinhaustes 1349, låg mange av dei gode gardane midt i bygda tomme for folk.

Verknaden av Svartedauden

Dei fleste gardbrukarane på Toten var leiglendingar. Dei leigde gardane sine av jordeigarar. Kyrkja var den største jordeigaren. Når leiglendingane døydde, laut jordeigarane skaffe seg nye leigetakarar. Det vart vanskeleg når storparten av folket hadde stroki med. Dette gjekk fyrst og fremst ut over dei marginale gardane i nordhellingar og på høgdedraga og der det var grunn og mager jord. Når folk kunne velja, flytte dei til dei mest lettbrukte og årsikre gardane midt i bygda. Dermed var det fyrst og fremst utkantane og høgdedraga som vart liggande aude i hundreåra etter Svartedauden. Når det vart færre til å leige jord, fall jordleiga. Vi veit ikkje korleis landskylda (jordleiga) utvikla seg på Toten etter 1349, men i andre bygder, mellom anna på Stange, var den gjennomsnittlege jordleiga rundt 1550 berre omtrent 25% av jordleiga i fyrste halvdelen av 1300-talet.[14]

I det førindustrielle samfunnet kravde korndyrking på åker mykje arbeidskraft. Når arbeidskrafta vart borte, laut kornarealet bli mindre og innskrenka til dei beste korngardane. Sjølv om det vart slutt på å dyrke korn, vart ikkje innmarka på dei folketomme gardane i utkanten av bygda lagt for fefot. Det meste vart brukt som utslåttar og sætrer av gardar der det ennå budde folk, i den sentrale delen av bygda. Dermed vart tilgangen på vinterfór enklare, og gardane som var i drift, kunne halde fleire husdyr. Med fleire husdyr i forhold til åkerarealet vart gjødslinga sterkare, og kornavlinga på dei åkrane som vart sådde, auka. Dyrking av korn i bråte krev mindre arbeidskraft enn dyrking av korn på åker, men gir ikkje så stabile avlingar. Med mindre arbeidshjelp og mindre bruk av utmarka til beite og fórsanking, er det rimeleg å rekne med at bråtebruket tok seg opp.

Auka kornavling på dei gardane som var i drift, på grunn av betre gjødsling og meir bråtebruk, fleire husdyr på kvar gard, og lægre jordleige, måtte føre til at leiglendingane fekk meir å selja, og dermed betre økonomi dei fyrste hundreåra etter Svartedauden. Større husdyrhald hadde sjølvsagt òg innverknad på kosthaldet. Folk kunne eta meir animalske produkt enn tidleg på 1300-talet, meir mjølk og kjøt og mindre graut og villing.[15] Kosten vart meir variert, og folk fekk i seg meir feitt, protein, livsviktige aminosyrer og vitamin enn tidlegare.

Hundreåra etter Svartedauden

Etter ein pestepidemi tek det rundt ti år å få bygd oppatt rottekoloniar som er mottaklege for infiserte rottelopper og dermed kan vera ein fare for folk. Utover på 13- og 1400-talet vart Nord-Europa råka av pestepidemiar omtrent kvart tiande år. Dei fleste av desse epidemiane nådde Noreg,[16] men vi veit ikkje kor ofte pesten ramma Toten. Det ser ut som talet på gardsbruk som det budde folk på, nådde botnnivået rundt 1520, etter at pesten hadde komi att gong på gong i 170 år.

Vi har ikkje noka oversikt over kor mange gardsbruk det var på Toten før i 1514, og detaljert oversikt over kvar folk budde får vi ikkje før i 1528. Frå desse åra har vi skattelister. I 1514 vart det krevd inn skatt frå 129 gardsbruk.[17] I 1528 hadde talet på brukarar som betalte skatt auka til 135. Legg vi attåt prestegarden og Helgestad, som var skattefrie gardar, kjem vi til at det budde folk på 137 gardsbruk i 1528, og skattelista viser oss kvar folk budde.[18]

Det er gardsnamna, arkeologiske funn og dei få middelalderdokumenta som finst, som kan fortelja oss omtrent kor mange gardar det var på Toten rundt 1340. Vi har omtrent 345 gardsnamn som stammar frå tida føre Svartedauden. Dersom vi reknar at det var like mange gardsbruk bak eit gardsnamn i 1340 som i 1669, kan det ha vori ein stad rundt 430 gardsbruk på Toten rett føre Svartedauden. Men 179 år seinare, i 1528, var det folk på berre 137 gardsbruk. Meir enn to av tre gardsbruk låg aude. Det kan godt ha vori fleire gardsbruk bak kvart gardsnamn på 1340-talet enn i 1669[19], slik at bygda hadde meir enn 430 gardsbruk rett føre Svartedauden. Dersom dét var tilfelle, var andelen øydegardar i 1528 enda høgare.

I hundreåra føre Svartedauden hadde folketalet auka, og det budde folk over heile bygda, utanom åsområdet sørover mot Hurdalen. Etter pestkatastrofen i 1349 vart ein stor del av gardsbruka lagde aude. I 1528, 179 år etter katastrofen, hadde storparten av busetjinga vorti konsentrert til området rundt kjørkjene på Balke, Hoff, Alfstad og Molstad (Kolbu). På kartet er kvart gardsbruk det var folk på i 1528 markert med ein raud prikk.

Skattelista frå 1528 viser oss tydeleg korleis avfolkinga ramma utkantane av bygda. I sørhellinga nord for Lenaelva, frå Dyrin i aust til Kise i vest, var det folk på godt som kvar einaste gard. Likeeins var det i nord- og vesthellinga sør og aust for Lenaelva, frå Majer i aust til Kvikstad i sør. I Totenvika var det folk på 14 gardsbruk[20] , i Austlia på eitt og i Nordlia på ti. I det som i dag utgjer Vestre Toten kommune, var det folk på berre 13 gardsbruk i 1528. Fjellsmarka vestafor Alm og grunnfjellsområda i Veståsen og oppi Skreien var heilt avfolka.

1584 – pesten og vardalspresten

Toten vart ramma av pest utpå seinhausten i 1583 og sommaren 1584. Denne epidemien kjem vi tettare innpå enn alle dei andre pestepidemiane som herja bygda gjennom meir enn 200 år. Det er soknepresten i Vardal, Nils Vegle, og det han noterte i eit missil, eller messebok, vi kan takke for det.[21]

Pesten hadde rasa på Hadeland i 1583. Nils Vegle fortel at der døydde det omtrent 500, mellom dei prosten og fem av borna hans, og kapellanen. Midt i oktober i 1583 nådde sjukdommen Toten. Da døydde ein bartskjer på Gjerstad[22]. Meir fortel ikkje Nils Vegle om pesten i 1583. Sommaren 1584 tok pesten seg oppatt og ramma prestegarden hardt. Under 19. juli har Nils Vegle skrivi i missilet:

Døde hederlig oc gudfryctige quinde Gulog her Carls paa Toden aff pestilentz med en aff sine sma piger Margareta wed naffn. Gud giffue dennom en gledelig opstandelsse oc then tid wor paa Toden hen død noget paa det fierde hundritt: 1584, men strax der effter døde fyre aff hindis børn och 3 andre.

Det Nils Vegle fortel her, er at Gulog, kona åt soknepresten på Toten, og fem av ungane hennar, samt tre andre – i alt ni personar, døydde da pesten ramma prestegarden. Og pesten gjekk vidare. 1. august døydde to born på Alm i Fjellsmarka, og etterpå alle på garden, utanom to jentungar. Det er dei siste dødsfalla på Toten som Nils Vegle nemner i notata sine.

Kor mange det var som døydde på Toten i denne epidemien, er ikkje vardalspresten og totenprestane einige om. I notatet han gjorde om pestofra på prestegarden, skriv presten i Vardal at «then tid wor paa Toden hen død noget paa det fierde hundritt», med andre ord at noko over 300 totningar gjekk med i pesten. Men ein annan stad skriv han: «bliff her død 700 personer som her Jens Capellan sagde mig. Men her Carll selff siger att det war 900».[23] Kapellanen sa at 700 personar gjekk med, men soknepresten sjølv, Karl Tordson Skonk, meinte det var 900. Kor mange kan det ha vori som døydde av pest på Toten i 1584? Vi har ingen kjelder som fortel oss noko direkte om folketalet på bygda før vi kjem til 1666. For å få ei viss peiling på utviklinga av folketalet på 13-, 14- og 1500-talet, lyt vi ty til talet på gardsbruk. Alle som budde på bygda var knytte til gardsbruk, så brukstalet gir eit brukbart bilde av utviklinga i folketalet. Talet på gardsbruk er sett opp i tabell 1. Der finn vi òg den årlege prosentvise endringa i brukstalet.

Vi veit kor mange bruk det var på Toten i 1577 og i 1593. Desse tala kan vi bruke til å finne ut omtrent kor hardt pesten slo til i 1584. I 1577, sju år før pesten ramma, var det 183 gardsbruk på Toten. I 1593, ni år etter peståret, var det 189. Kor mykje auka brukstalet i eit år utan pest? Av tabell 1 ser vi at brukstalet auka med 0,79% per år i perioden 1593 til 1624 og 0,86% per år frå 1624 til 1669. Legg vi oss litt i overkant av desse tala, og reknar med ein auke på 0,9% per år når det ikkje er pest, får vi brukstalet våren 1584 slik: 183 * 1,0097. Det blir omtrent 195 bruk. Tilsvarande reknar vi ut talet på bruk seinhaustes 1584, etter at pesten har herja, med utgangspunkt i brukstalet i 1593: 189 * (1 – 0,009)9. Det blir 174 bruk. Det kan med andre ord vera grunn til å tru at pesten i 1584 førte til at omtrent 20 gardsbruk vart lagde aude. Det blir omtrent 10% av bruka våren 1584. Da kan vi ta ein titt på det dei tre prestane har fortalt om kor mange som døydde. Fyrst totenpresten, herr Karl Tordson Skonk. Han meinte talet på daude var 900. Dersom det døydde 900 og det var 20 bruk som vart lagde aude på grunn av pesten, måtte det ha budd 45 personar på kvart av dei 20 gardsbruka. Kapellan Jens sa at 700 døydde. Det tilsvarar 35 personar på kvart øydelagt bruk. Nils Vegle sjølv meinte det var «noget paa det fierde hundritt», lat oss seia 320. Det tilsvarar 16 personar per bruk. Her har nok dei gode prestane overdrivi ein del, særleg dei to som levde midt oppi pesten. Går vi ut frå at det budde i gjennomsnitt omtrent 7 personar på kvart gardsbruk på Toten sist på 1500-talet, kan det ha vori rundt 140 personar som gjekk med, eller omtrent 10% av folketalet våren 1584. (Om folketalet, sjå rammetekst). Men det kan godt hende at gjennomsnittstalet på personar per gardsbruk gjekk ned på grunn av pesten. Reknar vi med at det gjekk ned frå 7 til 6 og 20 gardsbruk vart lagde aude, vil tapstalet bli omtrent 320, som Nils Vegle oppgav. Det er omtrent 25% av berekna folketal føre pesten slo til.[24]

Men likevel, ikkje meir enn rundt 10% av gardsbruka vart lagde aude av pesten i 1584, og mellom 10% og 25% av folket døydde. Det er noko heilt anna enn det som skjedde i 1349. Under Svartedauden hausten 1349 døydde kanskje så mykje som 60%. Korleis kunne det ha seg at pesten i 1584 kravde så få offer samanlikna med Svartedauden 235 år tidlegare?

Han kastede pestilenz kleder pa vegen at folc skulle fa pestelenz

Herr Morten var prest i Åmot i Østerdalen i tre år frå 1525. I eit missale, eller messebok, frå Åmot, står det at ein gong i 1525, da herr Morten kom heim frå Hamar, braut det ut pest i prestegarden. Alle gardsfolka og alle borna åt presten døydde. Presten laut sjølv bera dei til kyrkjegarden og gravlegge dei, for ingen ville hjelpe han. Presten var dårleg likt av bygdefolket, og for å bli kvitt han, laug dei på han og sa at «han kastede pestilenz kleder pa vegen at folc skulle fa pestelenz»[25]. Nå er vi komne til 1525. Vi er inne i renessansen. Nye måtar å sjå verda på tek til å slå gjennom. Det har skjedd noko vesentleg med forholdet folk har til pesten. Her er det ikkje lenger tale om at pesten er Guds straffedom. Langt derifrå. Nå seier sindige østerdølar at presten deira har kasta «pestklede» på vegen for at folk skal få pest! Dei veit med andre ord at pestbefengte klede er farlege. Ingen vil gå til kyrkje og høyre på preika åt denne presten, for dei sa han hadde pest. Dei er rett og slett redde for å bli smitta. Dei skyr smittekjelda.

Folk oppfører seg på ein heilt annan måte enn i 1349. Den gongen samla dei seg i husa der sjukdommen herja, for å vake over den sjuke og etterpå dele kleda hans mellom seg. Det var på denne tida, i fyrste delen av 1500-talet, pesten tok til å miste taket, og folketalet voks att, smått om senn. Det må ha samanheng med endringa i synet på sjukdommen, slik historia frå Åmot fortel oss. Folk tok til å forstå at dei laut halde seg unna hus der pesten herja. Pestbefengte klede var farlege. Sjølv om dei ikkje kjende til samanhengen med pestbakterie, svartrotte og rottelopper, såg dei at einaste måten å unngå pesten på, var å halde seg unna dei som var sjuke og kleda deira. Også det offentlege, kongemakta, kom med tiltak mot spreiing av pestsmitte i siste halvdelen av 1500-talet. Det vart sett forbod mot å gå inn i pestsmitta hus, og mot å selja klede som hadde tilhøyrt pestsjuke. Tidleg på 1600-talet vart det òg sett restriksjonar på samferdsla når det hadde broti ut pestepidemiar.[26]

Øydegardstida tek slutt

Ennå rundt år 1600 vart folk minte på det store peståret i 1349 og dei verknadene pesten hadde hatt, kvar gong dei såg seg rundt i bygda. På denne tida skreiv soknepresten i Ringsaker, Jens Bugge:

Mand seer endnu Rudera i Skoven, paa Enge og Agere vit omkring […] Efter denne Pæst som almindelig blev kaldet den sorte Død findes endnu mange mindes Mærker som vidner om at der hvor nu er Sætter Mark og heele store Tømmer Skove, har fordum været baade Ager og Eng og velopdyrket, hvilket Røskasterne noksom bevidner. Ja paa mange Stæder synes endnu paa Jorder efter Agernes Bakker hvor uden Tvivl Folk i gamle Dage maa have haft Bolig. I disse Tider bliver Jorden igjend op arbeidet og bebygt eftersom Folke Mængden aarlig tiltager.[27]

Etter å ha nådd botn rundt 1520, tok folketalet til å stige att. Det vart folk på stadig fleire av dei gardsbruka som låg aude. I tidsrommet frå 1528 til 1577 kom 46 gardsbruk i drift att på Toten. Det vart fleire fastbuande både i Nordlia og Åsmarka. Oppi Skreien kom det folk på Olterud.

Gjenryddinga heldt fram. I 1669 var det meir enn dobbelt så mange gardsbruk i drift som i 1528. Nå budde det folk att over heile det området av bygda som hadde hatt fast busetjing føre Svartedauden. Brukstalet heldt fram med å stige. Frå 1669 til 1723 auka talet på bruk i gjennomsnitt med 0,91% per år og kom opp i 486. Rundt 1710 kan brukstalet ha vori oppe på same nivået som føre Svartedauden. Det tok med andre ord omtrent 360 år før bygda var like tett folkesett som i 1340-åra.

Men folketalet heldt fram med å stige utover på 1700-talet. Nå var det ikkje lenger att ledige øydegardar i utkanten av bygda som venta på nye familiar. Øydegardstida var over. Kva skulle dei som ikkje kunne ta over eit gardsbruk da gjera for å oppretthalde livet? Det vart tre løysingar. For det fyrste starta nyrydding av nye plassar i allmenningen, særleg i Veståsen. For det andre vart eksisterande gardar delte mellom fleire sysken. Men kongen i København hadde ikkje stort til overs for garddelingar. Han var redd gardane skulle bli så små, at brukarane ikkje ville bli i stand til å betale skatt.[28]

Dermed fekk vi den tredje løysinga. Yngre sysken på garden fekk rydde seg ein liten plass i utkanten av gardsområdet. Denne plassen fekk dei disponere mot å betale leige til gardbrukaren, eller arbeide hos gardbrukaren. Husmann med jord vart ei ny klasse i bygdesamfunnet. Medan gardbrukaren betalte skatt til kongen i København, betalte husmannen avgift til gardbrukaren som åtte husmannsplassen.

Den sterke nedgangen i folketalet etter Svartedauden hadde ført til at levekåra i bygdesamfunnet vart betre og klasseskilnadene mindre. Med folkeauken utover 1600- og 1700-talet vart levekåra stadig dårlegare og klasseskilnadene større.

Kva med folketalet? Ein leik med tal

I boka si om det norske landbruket frå 1350 til 1814 konkluderer den norske agrarhistorikaren Kåre Lunden med at «norsk husstandsstorleik først på 1300-talet, og i det heile før 1660-åra, er uviss».[29] Vi har ikkje noko som liknar på folketeljing før i 1666. Skal vi berekne folketalet tidlegare, lyt vi gå ut frå talet på gardsbruk. På ei bygd som Toten høyrde alle heime på gardsbruk, på 1300-talet så vel som på 15- og 1600-talet. Men vi veit ikkje kor mange menneske det budde på kvart bruk før i siste halvdel av 1660-åra.

I 1666 vart det utført ei karfolkteljing i Noreg. Danskekongen ville ha oversikt over kor mange soldatemne han hadde å rutte med i dei endelause krigane han førte mot svenskekongen. Det var berre karfolka som vart rekna. Kvinnfolk vart ikkje brukt som soldatar, og var uinteressante i denne samanhengen. Heller ikkje hushalda åt embetsmennene var med i teljinga. Det var 1 304 individ av hannkjønn på Toten i 1666. Legg vi attåt kvinnfolk og embetsmenn, kjem vi til at det samla folketalet må ha vori omtrent 2 800. Matrikkelen i 1669 fortel oss at det var 354 gardsbruk på Toten. Med 2 800 innbyggarar i 1666 og 354 gardsbruk i 1669, kjem vi fram til at det var omtrent 7,9 personar på kvart gardsbruk i siste delen av 1660-åra.[30]

Benedictow meiner at det ikkje kan ha vori meir enn omtrent 4,5 personar per hushaldning både i åra føre Svartedauden og fram til litt utpå 1600-talet.[31] Dersom dette er riktig, kan det ikkje ha vori meir enn ca 600 personar på Toten i 1528 og ca 1 100 i 1624.[32] Var folketalet på Toten 1 100 i 1624 og 2 800 i 1666, 42 år seinare, må folkeveksten frå 1624 til 1666 ha vori omtrent 2,25% per år. Ein så sterk folkeauke er urealistisk. Går vi ut frå at veksten i folketalet var 1% per år i dette tidsrommet, kjem vi til at folketalet i 1624 har vori omtrent 1 850. Det gir ca 7,7 personar per gardsbruk.

Held vi fram med same føresetnaden, 1% årleg vekst i folketalet, frå 1593 til 1624, kjem vi att med eit folketal på om lag 1 350 i 1593, noko som gir 7,1 personar per gardsbruk sist på 1500-talet. Ut frå dette burde det vera realistisk å rekne ca 7 personar per gardsbruk gjennom stordelen av 1500-talet. I åra føre Svartedauden var talet på bruk truleg større enn brukstalet i 1669. Bygda var tett folkesett. Det skulle tilseia at folketalet per bruk ikkje var mindre enn i siste delen av 1600-talet, omtrent 7,9. Ut frå desse føresetnadene kan folketalet på Toten i 1340 ha vori omtrent 3 400, i 1528 i underkant av 1 000, omtrent 1 280 i 1577, 1 350 i 1593 og 1 850 i 1624. Men dette er og blir meir eller mindre kvalifiserte gjettingar. Det einaste som er heilt sikkert når ein befattar seg med folketalet føre 1666, er at resultatet er usikkert. Nokon sikker måte for å rekne ut folketalet i Noreg og på Toten føre 1660-åra finst ikkje.

Folketalet i 1711 har vi rekna oss fram til ut frå kor mange det vart betalt skoskatt for dette året. Det blir ca 3 500. For å kontrollere dette, har vi gått ut frå den fyrste fullstendige folketeljinga som er i behald. Ho vart teken opp i 1769. Da var det 6 775 menneske på Toten. Reknar vi oss bakover med talet på registrerte fødde og døde som prestane har ført inn i kyrkjebøkene frå 1711 til 1769[33], kjem vi til at det var 3 511 totningar i 1711[34]. Sjå tabell 2 og figur 2.

Talet på gardsbruk 1340–1723. Talet for 1340 er usikkert. Frå 1528 og framover er tala henta frå skattelister og matriklar.
Folketalet på Toten 1340–1711. Talet på folk føre 1666 er svært usikkert.
Tabell 1: Antal gardsbruk på Toten 1528–1723 og årleg prosentvis auke i brukstalet[35]
1528 1528–1577 1577 1577–1593 1593 1593–1624 1624 1624–1669 1669 1669–1711 1711 1711–1723 1723
Bruk % p a Bruk % p a Bruk % p a Bruk % p a Bruk % p a Bruk % p a Bruk
137 0,59 183 0,2 189 0,79 241 0,86 354 0,5 436 0,91 486
Tabell 2: Folketalet på Toten 1340–1711
År 1340 1528 1577 1593 1624 1666/69 1711
Gardsbruk 430 137 183 189 241 354 463
Folk per bruk 7,9 7,0 7,0 7,1 7,7 7,9 8,1
Folk i alt 3397 959 1281 1342 1856 2800 3500

Folketalet på Toten 1340 – 1711. Til og med 1624 er folketalet berekna ut frå talet på gardsbruk og er svært usikkert. Folketalet i 1666 er berekna ut frå karfolkteljinga som vart teken opp det året (lagt attåt kvinnfolk og embetsmenn). Folketalet i 1711 er berekna etter skoskatten og kontrollert mot folketeljinga i 1769 og fødsels- og dødstal i kyrkjeboka.

Litteratur og kilder

  • Benedictow, O.J. 1992, Plague in the Late Medieval Nordic Countries, Middelalderforlaget, Oslo.
  • Benedictow, O.J. 2002, Svartedauen og senere pestepidemier i Norge, Unipub forlag, Oslo.
  • Faye, A. 1833, Norske Sagn, Arendal.
  • Finne-Grønn, S.H. 1920, «Presbyterologiske optegnelser vedkommende prestegjeldene Aamot og Vardal», i Norsk tidsskrift for geneologi, personalhistorie, biografi og literærhistorie (Norsk personalhistorisk tidsskrift), hefte 10, Cammermeyers Boghandel, Christiania, s. 396 – 410.
  • Harrison, D. 2000, Stora döden. Den värsta katastrof som drabbat Europa, Ordfront, Stockholm.
  • Johannessen, F.E. 1990, Gausdal bygdehistorie bind 3. Folkevekst og levekår 1530 – 1830, Gausdal kommune.
  • Kraft, J. 1822, Topografisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge. Anden Deel, trykt hos Chr. Grøndahl, Christiania.
  • Lauvdal, T. 1930, Vardal Bygdebok II, Eget forlag, Vardal.
  • Lunden, K. 2002, Norges landbrukshistorie II. 1350 – 1814. Frå svartedauden til 17. mai, Det norske samlaget, Oslo.
  • NJR, 1885, Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede, bind I, Det Norske historiske Kildeskriftfond, Christiania.
  • NJR, 1906, Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede, bind IV, Det Norske historiske Kildeskriftfond, Christiania.
  • Nøkleby, O. 2013, Korndyrkinga på Toten frå ca 1650 til 1800, Masteroppgåve, Universitetet i Oslo.
  • Ormøy, R. 1992, Ringsakboka II. Mellomalderen, Brøttum, Ringsaker og Veldre historielag, Moelv.
  • Schøning, C.U. 1754, Tractatus oeconomico-physicus de habitu Norvegiae ad agriculturam, København.
  • Ødegaard, S.-E. 1979, «Svartedauen utryddet middelalderbosettingen i Veståsen», i Totn – Tidsskrift for Toten historielag. Årbok 1979, Bøverbru, s. 79 – 82.
  • Ødegaard, S.-E. 1984, Totens Bygdebok bind IV. Totenvika. Toten Museum, Bøverbru.
  • Ødegaard, S.-E. 2006, Stangeboka 2. Under konge og kirke. 1000 – 1660, Stange Historielag, Stange.

Referanser

  1. Schøning, 1754, s. 38, i Benedictow, 1992, s. 87
  2. Benedictow, 2002, s. 21 – 30
  3. Benedictow, 2002, s. 84
  4. Benedictow, 2002, s. 68 – 74
  5. Benedictow, 2002, s. 59 og 61
  6. Schøning, 1754, s. 38, i Benedictow, 1992, s. 87
  7. Om lag seks veker frå rottene blir smitta til dei døyr og rotteloppene hoppar over på menneske, samt inkubasjonstida hos menneske, som er omtrent åtte dagar
  8. Benedictow, 2002, s. 49 – 53.
  9. Harrison, 2000, s. 358
  10. Benedictow, 2002, s. 64
  11. Benedictow, 2002, s. 64, Harrison, 2000, s. 353
  12. Sist på 1500-talet var det åtte kyrkjer på Toten. Det var kyrkjer på Hoff, Fjell, Balke, Kvem, Alfstad, Ås, Molstad og Dyste. Om det var enda fleire kyrkjer midt på 1300-talet, veit vi ikkje sikkert. Det er ikkje usannsynleg at det i alle fall var ei gardskyrkje på Gile.
  13. Furuset, Buer, Skjellerud, Nyset, Roset og Bradal er nokså sikkert namnegardar i Veståsen som vart lagde aude etter Svartedauden (Ødegaard, 1979, s. 79 – 82). Kor mange bruk kvar av desse namnegardane var delte i, veit vi ikkje.
  14. Ødegaard, 2006, s. 222 – 223
  15. Lunden, 2002, s. 63 – 66
  16. Benedictow, 2002, s. 129 – 143
  17. Gjengjerden 1514. NRJ, 1885, s. 5 – 6
  18. Gjengjerden 1528. NRJ, 1906, s. 153 – 157
  19. Lunden, 2002, s. 18 – 19
  20. Ødegaard, 1984, s. 18 – 19
  21. Nils Vegle var sokneprest i Vardal frå 1574 til 1588. Han var gift med dotter åt totenpresten Karl Tordson Skonk og fyrste kona hans, Gulog. Gulog døydde i pesten i 1584.
  22. Ein bartskjer var barberar og delvis lege. Seinare kom ordet feltskjer i bruk.
  23. Finne-Grønn, 1920, s. 405 – 407
  24. 195 gardsbruk med gjennomsnittleg 7 bebuarar våren 1584 gir 1 365 innbyggarar. 175 gardsbruk seinhaustes 1584 med gjennomsnittleg 7 bebuarar gir 1 225 innbyggarar og eit tap på 140 i peståret. Dersom gjennomsnittleg folketal per bruk gjekk ned til 6 på grunn av pesten, vil folketalet seinhaustes 1584 vera 1 050, og talet på daude i peståret 320. Desse måtane å rekne på gir oss ein tapsprosent frå ca 10 til 25. Om ikkje anna, viser dette at all folketalsberekning føre 1666 er usikker.
  25. Finne-Grønn, 1920, s. 397 – 398
  26. Lunden, 2002, s. 123
  27. Ormøy, 1992, s. 160 – 161
  28. Lunden, 2002, s. 122
  29. Lunden, 2002, s. 21
  30. Dette stemmer godt med tal frå Gausdal. På grunnlag av koppskattlistene er det rekna ut at det var omtrent 8 personar på kvart gardsbruk i Gausdal i 1645 (Johannessen, 1990, s. 20)
  31. Benedictow, 2002, s. 86 – 89
  32. 1528: 137 bruk à 4,5 personar = 617 personar. 1624: 241 bruk à 4,5 personar = 1 085.
  33. Prestane på Toten tok til å føre kyrkjebøker i 1695.
  34. Nøkleby, 2013, s. 133 – 145
  35. Kjelder for brukstala er: 1528: Gjengjerden; 1577: Jordbogenn till AggersHus beregnit fra Sct: Hans Baptistædag Anno 77; 1593: Bygningsskatten; 1624: Skatteliste 1624; 1669: Matrikkelen 1669; 1711: Skoskatten (ekstraskatten) 1711; 1723: Matrikkelforarbeidet 1723.