Sykkylven Gjensidige Trygdelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven Gjensidige Trygdelag er eit forsikringsselskap i Sykkylven. Selskapet vart skipa i september 1886 etter at Sykkylven heradsstyre tidlegare same året hadde vedteke ein plan for ”Branforsikringsindretning for Søkelven for Husbygninger”. Første oppgåva til laget var å få taksert alle eigedomane i kommunen som skulle sikrast av trygdelaget.

Premien dei trygda måtte betale hadde opphaveleg vore svært lav, berre 30 øre pr tusen i trygdesum. I 1903 var det vedteke å auke premien til 40 øre pr tusen i trygdesum. Der det vart drive handel skulle det vere 2.50 kr pr tusen. Dei ansvarlege for laget prøvde å halde utgiftene ved lagsdrifta så låge som råd, og det vart ikkje gjeve godtgjerdsle til takstfolka.

Det var få brannar kring hundreårsskiftet. Den største utbetalinga var til ein huseigar på Sætre som miste stova si i ein brann i 1892. Skaden vart taksert til 550, - kr.

I 1897 vart oppsitjarane i Søvikdalen og Ramstaddalen tekne med i laget sjølv om dei høyrde til ein annan kommune, Ørskog.

Kor store risikoar selskapet kunne ta på seg vart ofte drøfta i styret og på årsmøta. I 1908 fekk formannen pålegg om å syte for at Hatlemark Trevarefabrikk vart overført til eit anna selskap. Den store fabrikkbygningen i tre vart vurdert som for risikoutsett. I 1909 vart maksimumssummen for ein einskild bygning auka til kr 10.000. Og i 1912 vart grensa for ein risiko auka frå 25.000 kr. til 40.000 kr. I 1910 var formua til laget komen opp i 12.733 kr. Laget hadde vore heldig og unngått dei store brannskadane. I 1914 var eiga til laget 17.142 kr. Frå 1905 hadde leiaren i laget fått ei fast, lita godtgjering for arbeidet sitt. Frå og med 1916 fekk også kasseraren i laget fast løn; 30 kroner i året.

I 1894 kom det framlegg i laget om at også innbu skulle kunne trygdast, men dette vart avvist på generalforsamlinga same året. Først i 1902 gjekk framlegget gjennom, og då slik at også avling og husdyr kunne vere med.

Selskapet hadde ikkje re-assuranse dei første åra. Dersom kassa vart tømt, eller det ikkje var noko midlar til å dekke ein skade, var det ikkje annan råd enn å likne ut ein ekstrapremie på medlemene i laget slik at kassa kunne fyllast opp igjen. I 1922 hadde det, etter opptak frå Norges Bondelag, vorte skipa eit fellesorgan som vart kalla Samtrygd. Dette selskapet tok på seg re-assuranse frå dei lokale brannkassene, og også vågnader som dei einskilde laga ikkje ville ta sjølve. Det tok sin tid før denne ideen slo skikkeleg igjennom. I Sykkylven vart spørsmålet teke opp i slutten av 1940-åra, men vedtaket om å gå med i re-assuranseordninga vart ikkje gjort før i 1953.

Frå omkring 1930 utvikla Sykkylven seg til å bli ei industribygd, men laget våga ikkje alltid å ta i mot trygdingar frå industrien. Etter kvart vart det større risikovilje, men når det gjaldt industribygningar vart det alltid kravd høgare premie. Kjellarverksemder i våningshus, som det var mange av under og etter krigen, fekk ein premieauke frå 0.6 til 1 promille. Fabrikkar bygde i betong vart inntekne til 1.5 promille frå 1947 og frå 1951 vart premien auka til 2 promille av trygdesummen.

Etter at laget hadde ordna seg med re-assuranse i Samtrygd, trong det ikkje å vise den same varsemd som før når det gjaldt å ta på seg trygdeansvar. Det vart selskapet sin politikk å stimulere til fullverdiforsikring, det vil seie at forsikringstakaren skulle få att det det kosta å byggje nytt om bygningen brann ned.

Dei komande åra tok laget opp stadig nye trygdeytingar i verksemda si. I 1957 kom dei kombinerte trygdingane. Det vil seie at det vart mogeleg å trygde mot brann, vasskade, naturskade, innbrot m.v. på ei og same trygding. Frå 1958 tilbaud laget trygding for både bilar og traktorar, og det utvikla seg raskt til å bli ein av dei viktigaste delane i selskapet.

I 1964 vart husdyrforsikringsselskapa Tyr og Odin tekne opp i Samtrygd. Dermed kom også husdyrforsikring med i tilbodet til Sykkylven Branntrygdelag.

I 1974 fekk Samtrygd i stand eit nært samarbeid med Livsforsikringsselskapet Gjensidige, og eit par år seinare fekk heile organisasjonen nytt namn: Gjensidige Norsk Skadeforsikring. Selskapet kunne ta på seg alle former for livs- og skadeforsikring.

Sykkylven Gjensidige Trygdelag har hatt ulike tilhaldsstader opp gjennom åra. Den første tida hadde formannen og kasseraren kontor heime hos seg sjølve. I 1908 sette Sykkylven sparebank opp huset sitt i Kyrkjevegen på Aure, og då fekk branntrygdelaget halde til med styremøta sine i den såkalla Bondestova. Seinare fekk laget eige kontor i same huset, ei ordning som heldt fram til 1977. Då tok Sykkylven sparebank i bruk nybygget sitt, og trygdelaget vart med. I 1984 kunne laget flytte inn i sitt eige hus i Aure sentrum. Her held laget til også i 2013. Leiar ved Sykkylven Gjensidige Trygdelag i 2013 er Magnar Kvalvåg, som har arbeidd ved kontoret sidan 1981.


Kjelde

  • Jon Hole og Hans Tu: Sykkylven Gjensidige Branntrygdelag 1886 – 1986. Sykkylven 1986.