Särnmål

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Särnamål»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vegskilt til Kringelfjorden i Särna.
Foto: Olve Utne (2016).

Särnmål eller sernamål er dialekten som tradisjonelt har vorti tala i Särna i Älvdalens kommun i Sverige. Inntil kapellan Daniel Buscovius' inntog på ski med ein bondehær frå Älvdalen, Oxberg og Venjan i mars 1644 var Serna ein del av Norge. Dialekten fell framleis stort sett innanfor østerdalsmåla med sitt rike vokalsystem, monoftongering, tjukk l m.m. Ulikt østerdalsmåla elles (og alle andre nabodialektar) er gjennomført e-infinitiv/apokope og mykje svekking til -e i jamvekts-substantiv. Eit fellestrekk med härjedalsmålet er markert preaspirasjon ved pp, tt og kk. Ordskatten er òg mykjegodt norsk, med ord som ânnsøḷes, attn, avåt, bihkkë (bikke), bihttë (strikke), bjellku, bḷistrë (plystre), brinnbär (bringebær), brok, båtstô (båtstø), dôrståhkk (dørstokk), fjøs, frôsk, førsje (førkje), gut, hôvôll (håboll), jønnbrø, kväkks (kvefs), slåhtt-ônn, stâbbur, tjennspak (kjennspak), tôḷmosamm osv.

Dômm tôler sô kônstukkt i Ståkkålm. Jä begrip ihtt hô dômm sejjër.

Jamvekt

—Hô mytjy ä klôhhka? —Ho ä fâmm i åhttë.

Pronomen

Jä hørër bjella. No tjämm bjellkua. Ho ä på väg hitahtt.

Personlige pronomen

Kasus Eintal Fleirtal
  1. person 2. person 3. person 1. person 2. person 3. person
refl. m. f. n.
Nominativ (subjekt) jä(g) du hânn ho vi di dômm
Akkusativ (objekt) mä(g) dä(g) sä(g) hânn, inn, n ho, a ôss dekk dômm
Genitiv (possessiv) minn, min (m.), mehtt (n.); minë (pl.) dinn, din (m.), dehtt (n.); dinë (pl.) sinn, sin (m.), sehtt (n.); sinë (pl.) hass hinnës dørrë

Talord

Vi jekk ô las fôrr prästn nôrr vi va trähtta år.

enn/e/ehtt, tvo, tri, fyrë, fâmm, säks, ṣu, åhttë, nijji, tijji, ällôv/älva, tôḷv, trähtta, fjohrta, fâmmta, säkstånn, ṣuttånn, artånn/attn, nittånn/nettn, tjuggu, trähtti, fyrti, fâmmti, (...) åhtti,(...)

Substantiv

Ta fjøs-spaan ô släng ut kulorhtn jønnômm fjøsgluggin.
Pass däg, dâ ä kväkksër punnër tak-sjägge.

Kjelde

  • Särna Fornminnesförening och Föreningen Särna Skogsmuseum: Särnamål. Mjölby : Atremi, 2010. ISBN 9789186129569
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!