Telemark Birøkterlag
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=No-nb_digibok_2013111808064_0128_1.jpg&width=400)
Bimøte der ein undersøker ei bikube.
Foto: "Norske næringsliv" skanna side nr. 128. nb.no
Nasjonalbiblioteket
Nasjonalbiblioteket
Telemark Birøkterlag vart skipa i 1909. Frå byrjinga heitte laget Bratsberg Amts Biavlsforbund.
Historikk
Det var skreddarmeister Mathisen frå Langangen som gjorde opptaket til laget. Kring 1950 hadde laget 21 lokale birøktarlag i heile fylket. Laget administrerte birøkten i fylket og arbeidde for å stadig betre denne. Ein dreiv også formidlingsverksemd om næringa ved forskjellige stemne.
Telemark Birøkterlag fekk økonomisk støtte frå Telemark Landbruksselskap.
Formenn
Den fyrste formannen i birøktarlaget var faglærar Engh frå Porsgrunn. Han gjekk under kallenamnet "Bipappa".
- Faglærar Engh, Porsgrunn.
- Rådmann H. E. Kjølseth, Porsgrunn.
- Ingeniør Erik Cappelen Knudsen, Borgestad.
- Grosserer Lunder.
- Revisor Martin Thelin, Skien.
- Erling Eikeland, Porsgrunn.
- J. Lillefjære, Solum.
Akiv
Arkivet etter Telemark Birøkterlag er ordna ved Telemark Museum. Sjå oppføring på arkivportalen.
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.