Telemark mållag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Telemark mållag heitte frå byrjinga berre Telelaget. Laget blei stifta i 1908 og er eit fylkeslag for Noregs mållag. Ei av dei viktigaste sakene for mållaga i Telemark har vore skulemålsaker.

Mållaget hadde i 2005 ei rekkje lokale mållag, m.a. , Drangedal, Fyresdal, Heddal og Notodden, Hjartdal, Kviteseid, Lunde, Nes, Nissedal, Rauland, Seljord, Vinje, Tinn og Tokke. I tillegg til desse kom Norskdomslaget i Porsgrunn og Mållaget Dag i Skien. Det største lokallaget låg i Vinje, der ein hadde meir enn 80 medlemar i 2005 (mot 195 medlemmer i 1980).[1]

Sidan 1955 har mållaget gjeve ut Årbok for Telemark som har til formål å ta vare på kulturarven gjennom segn og soge, i eventyr og viser, musikk og song, i treskurd og målarkunst, handverk og bygningsstil, sed og skikk. Den fYrste redaktøren var lektor ved landsgymnaset i Bø, Jon Homme.[2]

Kjelder

  • Rovde, Olav og Ingvar Skobba (red.), Telemarks historie, etter 1905, Skien, 2015. Lenke til digital utgåve på Telemarkskilder

Referansar

  1. Rovde (red.), 2015, s. 271.
  2. Rovde (red.), 2015, s. 272.