Torge (Elverum)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Torge
Sted: Hernes
Fylke: Innlandet
Kommune: Elverum

Torge er ein namnegard i Elverum, nærmare bestemt i bygda Hernes - aust for Leiret. Garden har ikkje vori bruksdelt i historisk tid. Namnet er ikkje kjent i skrift før i gjengjerden i 1528, da namnet er skrivi Torg. Neste gang namnet er nemnt er i jordeboka for Akershus len frå 1577 - 1578, da som Torre eller Toere. Iallfall frå kontribusjonen i 1652 (skattematrikkelen 1647) er namnet mistydande skrivi som Torrud. Garden var rekna som halvgard med ei skyld på 2 hudar.

Avdi garden hadde busetnad i 1528, er det grunn til å tru at den ikkje har legi øyde i nedgangstida etter Mannedauden, iallfall ikkje i lengre tid. Truleg skriv namnet seg frå ei fleirtalsform gamalnorsk Torgar av torg og namnet sikter vel til at det har vori ein handelsplass her - kanskje tilbake til vikingetida. Trass i at matrikkelen både i 1886 og 1903 har skriftforma Torge har - dessverre - fleire offisielle kart i dag forma Torud. Forma Torud er ei etymologisk avsporing frå dansketida, og for å seie det med vår store namnegranskar O. Ryghs eigne ord I senere Tid var det (Torge) her ved grov Misforstaaelse blevet til Torrud.

Litteratur

  • Herlofsen Finne-Grønn, Stian: Elverum en bygdebeskrivelse I. Andet halvbind. Gaardshistorie med ættetavler (1914), s. 527f.
  • Lintoft, Kari: Elverum Bygdebok Bind 7 Del I Vestre Hernes, 2002), s. 184.
  • Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne Tredie Bind Hedemarkens amt, 1900, s. 317f.