Torshaugvegen (Kviteseid)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Parti frå Torshaugvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).
Torshaugvegen i Kviteseid kommune er ein 509 meter lang blindveg som går nordover frå skiljet mellom Lauvstadvegen og Oppebøenvegen.
Vegen har namn etter plassen Torshaug som er nr. 13 og 15 i vegen.
På plassen Torshaug (gnr. 41/23) budde Ingebjørg Torshaug og dottera Sigrid omkring 1900. Sigrid kjøpte plassen av Olav S. Lie i 1914. Sigrid Guttormsen budde i den gamle stoga, medan dottera Gudrun, gift med Arne Kåsi, bygde seg nytt hus ende ovafor (bnr. 24).
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no
- Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.