Tresfjord kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tresfjord kyrkje er ei åttekantkyrkje på Sylte inst i Tresfjorden i Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1828 og er bygd i tømmer. Arkitekt var Erik Kroken. Ho er den eldste kyrkja i kommunen. Kyrkja har 270 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Tresfjord kyrkje blei restaurert til 100-årsminne i 1927–1929. Ho blei grundig reparert og restaurert igjen i 2006–2007, etter at ho ein periode måtte støttast opp med wire. Kyrkja er rikt dekorert, og noko av interiøret er frå ei tidlegare kyrkje.
Lærar Nils Ingvard Aanes var organist frå 1921. I 1927 vart han òg formann i soknerådet.
Kjelder og litteratur
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket