Treungen (Nissedal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Treungen er ein tettstad og administrasjonssenter i Nissedal kommune. Per 1. januar 2021 var det 531 innbyggjarar i det som er kommunen sin einaste tettstad. Namnet kjem frå norrønt Þriðjungrinn, 'tredjedelen', og viser truleg til ei gamal inndeling av bygda.

Tettstaden ligg ved sørenden av innsjøen Nisser, og er delt i to av vatnet. Tveitsund bru, som vart freda i 1999, knytter saman dei to delane. Riksveg 41, Telemarksvegen, går gjennom Treungen. Fram til 1867 var det jernebane til Treungen; Treungen stasjon var endestasjon for Treungenbanen. Etter at jernbanesambandet til Arendal vart nedlagd, oppretta Telemark Bilruter ei rute til sørlandsbyen. Den har seinare blitt innskrenka til ei rute mellom Åmli og Seljord. Tilknytninga til Arendal heng saman med at Nisser har utløp i Nidelva, og Treungen vart eit knutepunkt for tømmerfløytinga mot utskipingshamna i Arendal.

Litteratur og kjelder