Tyssedal krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tyssedal krins er ein skulekrins i Fjaler kommune. Tyssedalen i Dalsfjorden går sørover frå gardane Leitet og Tysse til Tyssedalsvatnet.

Skulehus

Bedehuset i Tyssedal

Skulehuset i Tyssedal stod kring 2 km sør i dalen, ved Dalsleitet. Læraren i bygda kjøpte det gamle huset, flytte det nokre hundre meter nordover, og tok det i bruk som bedehus. Dette tidlegare skulehuset er eit lite kvitmåla hus på låg grunnmur, om lag 10 m langt og i underkant av 6 m breitt. Taket er tekt med skifer. Huset har eit lite vindauga på nordveggen, eit mykje større med 36 småruter i sør og takvindauga (ljore) på austsida. Døropninga er låg, - vaksne folk må bøya seg når dei går inn. Huset har tre rom og er ei typisk sperrestove. I norde enden er det gang og kjøken med halvloft over kjøkenet. Det går tropp frå gangen opp til loftet over kjøkenet. I den søre delen, stova eller salen, er det open himling med bete (bjelke) tvers over.

Tyssedal skule

I 1907 bygde dei nytt skulehus i Tyssdal krins. Då denne skulen vart nedlagd, vart huset brukt til grendahus. Det var i bruk som grendahus fram til 2006, og har vorte bygd på. No er huset i privat eige og registrert som fritidsbustad.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.32632° N 5.26983° Ø