Tøger Rasmusson Faaberg
Tøger Rasmusson Faaberg (fødd 24. juni 1874 i Jostedalen, død 4. januar 1939 i Lier i Buskerud) var frå Nedre Fåberg i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var son av ordførar og gardbrukar Rasmus Larsson Faaberg og Gjertrud Larsdotter frå Kruna.
Tøger Faaberg gifte seg i Hafslo 13. januar 1899 med Brita Ingebrigtsdotter Morken (1879-1954) frå Morki på Indre Hafslo.
Han dreiv som landhandlar i Bakken før han i 1903 flytte landhandelen til Grimo ved Høgebrui då stovehuset der var ferdig. Han hadde fått skøyte på eigedomen 6.10.1900, som då var utskild frå Bjørk.
Tøger og Brita var buande på Grimo til 1909 då dei selde bruket og landhandelen til Melchior Yttri. Dei flytte då til Lier og vart gardbrukarar der.
Tøger Faaberg var med i det fyrste landsmålsmiljøet ein kjenner til i Jostedalen. Han var varamedlem til det fyrste styret i Jostedal mållag 1906-07 og aktiv i laget. Storebroren, ordførar Lars Rasmusson Faaberg, høyrde derimot til på den landsmålskritiske sida i målstriden (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen).
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 444 (Digital utgåve, NBdigital)
- Hoel, Oddmund L. (2006). Jostedal mållag 100 år. Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 50), 88-89. (Digital utgåve)