Vågen (Kristiansund)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv frå Vågen: Til venstre Mellomværftet på Kirkelandet under Forbundet KYSTEN sitt landsstemne 2017, til høgre Gomalandet.
Foto: Chris Nyborg (2017).

Vågen er ei vik mellom Kirklandet og Gomalandet i Kristiansund, på sørsida av eidet som knyttar dei to områda saman. Opphavleg var dette ein del av eit sund som skilde to øyar frå kvarandre; den andre delen av sundet er Dalabukta nord for eidet.

Kulturminneløypa Vågen rundt dekker atten viktige kulturminne rundt Vågen, mellom andre fleire av bygningane som sto att etter bombinga av Kristiansund 1940. Langs vågen står det fleire klippfiskbrygger på austsida (Gomalandet). Der finn vi òg bygningane til Goma Fabrikker og Kristiansund mekaniske. På vestsida finn vi mellom anna Mellemværftet, som no er museumsverft.

Litteratur

Koordinater: 63.118702° N 7.733055° Ø