Valle og Hylestad kyrkjelege fellesråd

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Valle kyrkjelege fellesråd»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tidlegare var kyrkjekontoret i Valle i underetasjen på kommunehuset.
Foto: Siri Johannessen (2017).

Valle og Hylestad kyrkjelege fellesråd er Den norske kyrkja sitt fellesråd i Valle kommune i Setesdal. Einaste sokn er Valle og Hylestad, med dei to kyrkjene Valle og Hylestad. Fellesrådet ligg i Otredal prosti i Agder og Telemark bispedøme.

I september-oktober 2018 flytta kyrkjekontoret frå kontora i underetasjen på kommunehuset og inn i det då nybygde kulturbygget Sæbyggjen sentralt i tettstaden Valle. Tidlegare låg kommunen i Valle prestegjeld, som óg omfatta Bykle sokn.

Kyrkje Stad Byggjeår Bilete
Kyrkjer i Valle og Hylestad kirkelige fellesråd
Hylestad kyrkje Rysstad 1838 Hylestad kyrkje 01 (Valle).JPG
Valle kyrkje Valle 1844 Valle kirke Aust-Agder.jpg

Kjelder